NRK Meny
Normal

Store materielle skader etter ulukke

Ein bil og varebil har kollidert i Magnhildskaret på fv. 614. Ein person er frakta til legevakt.

Skjermdump

NAUDETATANE ER FRAMME PÅ STADEN: Politi og ambulanse er ved ulukkesstaden.

Foto: SKJERMDUMP

– Det er to personar som er involverte. Begge har smerter. Det kan sjå ut som om eine føraren har slått hovudet i frontruta, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

Ulukka skjedde ein kilometer frå Magnhildskartunnelen på Florø-sida. Ein person er sendt til legevakt i Florø. Politiet melder om at skadeomfanget er ukjent.

– Det er store materielle skader på bilane, seier Rebnord.

Eine vegbana er stengt, melder Alarmsentralen i Florø. Det er manuell dirigering av trafikken.

Laster Twitter-innhold
Vegopning på Bergum i Førde kommune