Store materielle skader

To vogntog fekk store materielle skader då dei støytte saman på E39 ved Svidalsneset i Jølster i like over midnatt. Ingen personar vart skadde i samanstøyten. Politiet opplyser at det ikkje er mistanke om rus. Vegen var ein periode delvis stengd som følgje av uhellet.