Hopp til innhold

Store mannskap rykka ut til Walaker hotell

– Frå no av skal vi feie absolutt kvart einaste år, seier hotellsjefen ved Walaker hotell etter at det i går kveld brann i pipa på hotellet.

Brannmannskap

UTRYKKING: Brannmannskap frå Sogndal og Hafslo rykka ut då det kom inn melding om flammar frå pipa på Walaker hotell.

Foto: Ole Henrik Nitter Walaker

– Me skal vere her i dei 377 neste åra også, forsikrar Ole Henrik Nitter Walaker som er hotellsjef ved Walaker hotell. Hotellet i Solvorn er 377 år gamalt og er Norges eldste hotell som framleis er i drift.

Seint tysdag kveld brann det i ei pipe på hotellet og brannmannskap frå både Sogndal og Hafslo rykka ut.

Kosefyring

– Vi fyrer i peisen kvar kveld for å skape litt stemning, og det var pipa til denne peisen det brann i, seier Walaker.

Ole Henrik Walaker, Walaker hotell

HOTELLSJEFEN: Ole Henrik Nitter Walaker seier det ikkje var dramatisk då det oppstod ein pipebrann på Walaker hotell tysdag kveld.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Ifølgje hotellsjefen vart pipeløpet renovert i 2007. Brannen starta fordi det hadde blitt liggande noko på innsida av pipa. Det var ein nabo til hotellet som oppdaga at det kom flammar ut frå pipa og melde ifrå.

Hotellsjefen seier at dei ikkje var mykje dramatikk knytt til brannen.

– Brannen kom aldri langt og vêret som var vindstille og regn gjorde at det ikkje var noko dramatikk i det, fortel han.

Olaf Mørch ved Sogn brann og redning fortel at dei rykka ut med fire bilar og 17 mann.

– Dette er fast prosedyre når brannalarmen går i Solvorn. Dette er eit freda området, seier Mørch.

Han seier at då brannmannskapet kom til hotellet var gjestane evakuert. Dei fekk tømt lokalet for røyk og sørgt for at det ikkje var varme i pipa.

Skal feie kvart år

– Vi hadde ei evaluering med feiar no i år. Dette handlar om korleis ein fyrer. Fyrer ein hardt så brenn ein opp alt inne i pipa, men småfyring gjer at det set seg meir inne i kanalane, seier Walaker.

walaker fult

ÆRVERDIG: Walaker hotell er Noregs eldste hotell som framleis er i drift.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Han seier at dei frå no av skal feie pipa kvart einaste år.

– Vi gjer det vi kan heile tida i forhold til brannsikkerheit. Dette er noko vi tenkjer på kvar dag og som alle dei tilsette er trente på.