Hopp til innhold

«Eg har ikkje ein sjanse utan hjelp»

Flaumen har gjort store skader i landbruket. No startar kampen for å få erstatning for det tapte.

Bernt Haakon Voll

HJELP: Bernt Haakon Voll driv med bringebær i Lærdal, og seier han er heilt avhengig av hjelp frå staten om han skal kunne starte opp att etter flaumen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Bærbonde Bernt Haakon Voll frå Lærdal er ein av mange som er avhengig av økonomisk støtte for å kome seg på beina att etter vatnet sine herjingar.

– 15 eller 16 mål med bringebær er planta, og litt under halvparten har reist og er steinrøys. Me har tapt mykje tid, og er sett tilbake. Alt arbeidet me har gjort i vår, sommar og haust er bortkasta, seier Voll.

Mange hadde møtt fram til orienteringsmøtet i Aurland for å få informasjon om erstatningsordningane etter flaumen. Landbruket i Lærdal og Aurland er hardt råka og mange er avhengig av hjelp for å takle utfordringane flaumen har skapt.

Heilt avhengige av hjelp

Voll set sin lit til at staten hjelper han på beina att.

– Eg håpar eg får dekt alt, men eg veit ikkje om det skjer. Det er berre eit håp eg har. Eg er 100 prosent avhengig av økonomisk hjelp for å kunne halde fram. Eg har ikkje økonomi til å starte på dette sjølv. Eg har ikkje ein sjanse.

Informasjonsmøtet Aurland

INFORMASJONSMØTE: Møtet i Aurland var for bønder i Aurland og Lærdal. Lærdalsordførar Jan Geir Solheim var på første rad.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Også bøndene i Flåm er uroa for konsekvensane etter flaumen. Bonde Terje Hilstad er ein av dei som har tapt store areal.

– Eg reknar med at det er litt over 30 dekar som er vekke, og litt over 20 av dei er dyrka mark som har forsvunne.

Han er ikkje trygg på at støtteordningane frå staten er gode nok til å dekke dei store tapa.

– Du får ein symbolsk sum, og så må greie deg sjølv.

– Norske ordninga er blant dei beste

Gunn Eide frå Statens naturskadefond måtte svare på mange spørsmål om korleis dei flaumråka kan få erstatning for mellom anna øydelagd landbruksareal.

– Folk lurar på om dei får erstatning og korleis reglane er. Det har eg prøvd å svare på så godt eg kan.

Gunn Eide

HELDIGE: Folk i Norge er heldige, for ordninga for naturskadar er ei av dei beste i verda, meiner Gunn Eide.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Dei som har fått naturskadar på ting som ikkje kan forsikrast, kan melde skadane til lensmannen og få han til å vurdere og taksere erstatning for slike ting. Det gjeld skader på areal, vegar og bruer som private eig.

Ho meiner vi er trass alt er heldige som bur i eit land som Norge når slike katastrofar skjer.

– Den norske ordninga er nok blant dei aller beste i heile verda.

To store vatningsanlegg øydelagde

Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim seier det hastar å komme i gang med gjenreisinga av landbruket, slik at ein står best mogleg rusta før neste sesong.

– Det er jo ganske utruleg at vi får ein flaum i ei bygd der vi er heilt avhengige av vatn i vekstsesongen. No har to store vatningsanlegg vorte øydelagde. Det får store konsekvensar neste år visst ikkje dei er i gong att.