Hopp til innhold

I Stavanger er det ikkje sikkert Erling Kjell hadde blitt operert

VASSENDEN (NRK): I Førde er det nesten fire gonger så vanleg å få kikholsoperasjon av menisken som i Stavanger. Operasjonen er den vanlegaste innan ortopedi, men likevel har adressa sitt å seie for kva behandling du får.

Erling Kjell Dvergsdal

EIN AV MANGE: Erling Kjell Dvergsdal frå Jølster er ein av mange som blir kikholsoperert i menisken i Førde. Hadde han budd i Stavanger hadde det kanskje vore annleis.

Foto: Ole Kristian Førde / NRK

Det gjeld også fleire andre typar behandling, syner tala i det nye nasjonale helseatlaset, som Helse Førde lanserte i dag.

På fleire område er det store variasjonar, og adressa er avgjerande for kva slags behandling ein får, seier Marte Bale, leiar av helseatlas i Helse Førde.

Helseatlaset samanliknar innbyggjarane sin bruk av helsetenester innan ortopedi, blant anna innanfor menisk- og kneleddsartrose-operasjonar. Som pasient i Noreg skal du få same behandling for sjukdommen din, enten du bur i nord eller sør. Men slik er det altså ikkje.

Nyleg vart Erling Kjell Dvergsdal kikholsoperert i menisken, men det var ingen sjølvfølge at det skulle bli operasjon.

Behandling av menisken gjerast nemleg ulikt alt etter kvar i landet ein bur. Dei som oftast blir operert bur i Møre og Romsdal, deretter i Førde. Færrast blir operert i Stavanger.

Dei siste tiåra har det dessutan vore jobba for å minske talet på slike operasjonar for dei over 50 år, fordi ein ikkje ser særleg nytte. For dei fleste vil opptrening vere vel så bra.

70 år gamle Dvergsdal valde i samråd med legen å gå for operasjon av den oppsmuldra menisken. Han såg ikkje noko som skulle tale imot ein operasjon.

– Eg har sett folk som har vore hos meg då eg var fysioterapeut som har hatt god nytte av operasjon. Eg sa ja, og legen var einig, seier han.

Erling Kjell Dvergsdal

RART: Det er rart at det er så store forskjellar, men det var ikkje noko som talte imot då eg valde å ta operasjon, seier Erling Kjell Dvergsdal.

Foto: Ole-Kristian Førde / NRK

Tilbod og etterspørsel

Dei store forskjellane i bruk av helsetenester på somme område forundrar Marte Bale.

– Her er det er noko som ikkje er som det skal. Viss pasientar blir opererte utan å ha nytte av det, så er det overbehandling. Men det kan også vere pasientar som er underbehandla, seier Bale.

Marte Bale

UNDERLEG: Marte Bale har leia arbeidet med helseatlaset i Helse Førde. Ho seier dei forundrar seg over dei store forskjellane dei har funne i behandlingstilbodet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ho kan ikkje seie kvifor det er sånn, men at det er andre forklaringar enn at pasientane har betre eller verre kne etter kor i landet dei bur – det er heilt sikkert.

– Det kan handle om tilbod og etterspørsel. Nokre sjukehus har mange ortopedar og god kapasitet på operasjonsstover, og då er det enklare å velje operasjon. Forventingar frå pasientane kan også vere ulik rundt om i landet, og kan påverke behandlinga.

Overbehandling

Overlege på ortopedisk avdeling ved Førde sentralsjukehus, Navid Beigi, synest det er vanskeleg å seie om dei gjer unødig mange operasjonar av menisken.

– Eg trur det handlar om at når det er nok kompetanse, vil fleire pasientar få behandling. Det er heilt sikkert overbehandling, men det er det på alle felt, og ikkje berre i Helse Førde, seier han.

Helseatlaset kartlegg bruk av helsetenester mellom 2012 og 2016, og nettopp det meiner Beigi gjer at tala skil seg ut.

– Det har skjedd mykje på dei åra, og eg veit at tala ser annleis ut for 2017 og 2018. Ting forandrar seg. Vi vil diskutere rapporten internt og revurdere praksisen, det gjør vi på all type behandling – og ikkje berre denne type kneoperasjonar, seier han.