Hopp til innhold

Store forventningar

Forventingane er store når regjeringa i dag legg fram stortingsmeldinga som kva nye oppgåver dei nye storkommunane skal få.

Arve Helle, Noralv Distad og Alfred Bjørlo

SPENTE ORDFØRARAR: Ordførar i Fjaler Arve Helle (Ap), ordførar i Aurland Noralv Distad (H) og ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V).

Foto: Montasje: Asgeir Heimdal Reksnes/Marunn Tolleshaug/Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kommunestyra har fått klar beskjed om å finne ut kven dei vil slå seg saman med, men har så lang fått vite fint lite om kva som ligg bak lovnadene om nye oppgåver.

På rådhuset i Eid har ordførar Alfred Bjørlo ønskelista klar.

– Eg håpar og forventar at regjeringa no gjer ord til handling og tar eit kraftig grep. At dei kjem med mange og konkrete oppgåver som kan overførast frå staten til dei nye kommunane, seier Bjørlo.

Nye oppgåver

Jardar Jensen

HELD KORTA TETT TIL BRYSTET: Statssekretær Jardar Jensen (H).

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Regjeringa har lova å flytte oppgåver frå stat og fylke ned til nye og større kommunar. Men kva oppgåver, har dei ikkje ville seie. Ei heller statssekretær Jardar Jensen då han gjesta Nordfjordrådet denne veka.

– Nei, det får vi svar på den 20. når oppgåvemelding blir lagt fram, seier Jensen.

Klokka 12 i dag presenterer kommunal- og regionalminister den såkalla Oppgåvemeldinga. Stortingsmeldinga skal fortelje kva oppgåver dei nye og større kommunane skal ha. I Nordfjord har Venstre-ordføraren i Eid mange ønsker.

– Innanfor helse- og sosial-området er det store moglegheiter for større kommunar å ta på seg større oppgåver. så vil eg spesielt peike på området næring, arealforvaltning, samfunnsstyring og miljø.

Vil behalde dagens kommunegrenser

I Sogn vil Høgre-ordførar Noralv Distad aller helst halde på dagens kommunegrenser i Aurland. Men skulle det bli nye oppgåver, veit kva han ønskjer seg.

– At kommunane skal få meir å seie i forhold til staten når det gjeld avgjerder som går på arealdisponering, altså plansaker og den type saker.

Men i Sunnfjord ser Ap-ordførar Arve Helle i Fjaler mørkt på utsiktene.

– Det er ingen grunn til å ha dei store forventningane til kva oppgåver nye kommunar får, då trur eg dei nye kommunane må opp i ganske stort volum, og då langt meir enn det som realistisk i Sogn og Fjordane.