Hopp til innhold

Om lag 10.000 personar er straumlause i fylket

Totalt er om lag 10.000 personar utan straum i Sogn og Fjordane. Det blir jobba på spreng over heile fylket, men ingen torer å love at alle får att straumen i dag.

Ryddar skog

RYDDAR FOR HARDE LIVET: Nils Oma i Sognekraft ryddar skog så raskt som råd.

Foto: Tor Yttri / NRK

Framleis er iallfall 10.000 husstandar i Sogn og Fjordane straumlause. I tillegg er enkelte bygder sør på Sunnmøre også ramma.

Om lag 150 abonnentar i Sunnfjord Energi manglar framleis straum på andre døgnet.

– Slik det ser ut no har vi fått inn dei fleste av kundane våre. Alle sentera har straum og er inne, men vi har framleis kundar i alle kommunar som manglar straum, seier nettsjef i Sunnfjord Energi, Helge Robert Midtbø.

Tek situasjonen med ro

Fleire av desse har vore utan straum sidan problema auka om lag klokka 18.00 første juledag. Å vere utan straum i nær to døgn er ein situasjon som i høgste grad er uvanleg for folk, og for Midtbø har telefonen mest ikkje stått stille dei siste to dagane. Likevel tek folk situasjonen med fatning.

– Dei fleste forstår at vi er i ein vanskeleg situasjon. Det som har skjedd er at vi har store øydeleggingar i vårt forsyningsområde. Men det er klart vi ikkje tykkjer det er kjekt at så mange av kundane våre manglar straum over så lang tid, seier Midtbø.

Prioriterer tryggleik

Han fortel at det vert jobba på spreng med å få på plass straumforsyning til fleire av kundane. Alt tilgjengeleg mannskap har vore ute i felten for å prøve å rette feila på linjenettet.

– Vi har hatt mykje trevelt. I tillegg har det vore svært dårleg ver og dagslyset held berre fire-fem timar. Måndag fekk vi også eit slikt styrtregn at vi til slutt valde å trekkje ut folka våre frå fleire område, rett og slett grunna rasfare, samt at vi ikkje kom fram på vegane, seier Midtbø.

Han legg til at det er tungt og vanskeleg arbeid som må utførast for at straumen skal attende til dei siste abonnentane.

– Det er store utfordringar knytt til å reparere dei feila som står att no. Vi må ha tryggleiken til folka våre i høgsetet, sørgje for at dei får kvile seg og at dei får mat, seier Midtbø.

Også store problem i Sogn

Sognekraft har kundar i fire kommunar, Sogndal, Leikanger, Vik og Balestrand. Situasjonen er betre i morgontimane tysdag, men framleis er det mange som ikkje har straum.

– Fresvik og Fjærland er utan straum. Så har vi eit parti mellom Dragsvik og Vetlefjorden som er utan straum. På Frønningen manglar dei straum, her har det ramla ned store mengder skog, fortel informasjonsansvarleg i Sognekraft, Tor Yttri.

Også i Arnafjorden og Framfjorden i Vik kommune er det mange som manglar straum.

– Her var det eit arbeidslag ute i natt. Dei hamna mellom to ras i Arnafjorden, men klarte å komme seg over og vart transporterte vekk derifrå. Vi jobbar døgnet rundt for å få straum til alle, men det er tøffe tilhøve der ute, seier Yttri.

I morgontimane er fleire lag klare til å komme seg ut for å finne løysinga på straumproblema.

– Vi satsar på å få straum fram til fleire då, seier Yttri.

Han fortel om krevjande arbeidstilhøve for folka som er ute i felten. Samtidig rosar han kundane for stor forståing.

– Folk har synt forståing for at situasjonen er ekstrem. Men vi prøver så godt vi kan å få fram straum. Men vi må tenkje liv og helse for dei som skal ut i felten. Dei som har vore ute har gjort ein imponerande innsats, seier Yttri.

Han har håp om at mange av kundane skal få att straumen i dag.

Kan ikkje love straum i dag

I Luster har dei største bygdene fått att straumen.

– Vi har straum i dei største bygdene våre, Gaupne, Hafslo, Luster, Skjolden og Fortun. Men det er einskilde dalføre der vi slit med å få ting i orden att, seier nettansvarleg Anders Molland i Luster Energi.

Dei største problema er i dalføra i retning Jostedal og i retning Veitastrond, samt på sørsida mellom Finsedalen og Skjolden.

– Vi tek til for fullt for å rydde linjene så snart det lysnar, hovudproblemet er tre som ligg på linjene, seier Molland.

Han torer ikkje love når straumen er tilbake i sognebygdene.

– Vi har alle tilgjengelege mannskap ute for å leite etter feil, og håpar å få det meste på plass i løpet av dagen i dag. Men eg torer ikkje love noko, seier Molland.

Ber folk spare på straumen

I Sogn og Fjordane Energi Nett sitt nettområde er rundt 4000 abonnentar utan straum.

– Det er framleis mange, og til dels omfattande, feil på både hovudforsyningslinjer og lokalnett, seier kommunikasjonsdirektør i SFE, Kai Petter Sårheim.

Straumselskapa oppmodar dei som har fått att straumen om å spare så mykje som mogleg til situasjonen i regionen har normalisert seg.

– Dette vil hjelpe oss å unngå overbelastning i nettet og nye straumstansar, og det vil bidra til at fleire får raskare att straumen. Det kan bli aktuelt med utkopling av einskilde soner dersom belastninga på nettet blir for stor, seier Sårheim.

Her manglar dei straum i Sogn og Fjordane:

  • Stryn og Hornindal: Heile kommunen
  • Gloppen: Store delar av kommunen, med unnatak av kommunesenteret Sandane
  • Eid: Mindre delar av kommunen
  • Selje: Heile kommunen, men her er hovudnettet intakt, så innkopling vil skje stegvis
  • Vågsøy: Mindre delar frå Almenningfjellet til Selje
  • Bremanger: Mindre delar, mellom anna frå Elde til Isane ferjekai
  • Flora: Straumbrot i delar av Eikefjorden, Vevring-området mot Naustdal, og øyane Hovden, Vevlingen og Askrova
  • Askvoll: Delar av Atløy er utan straum
  • Luster: problem i dalføra mot Jostedal og Veitastrond, samt sørsida mellom Finsedalen og Skjolden
  • Vik: Fresvik, Arnafjorden og Framfjorden har problem
  • Lærdal: Lærdalsdalen
  • Balestrand: Eit parti mellom Dragsvik og Vetlefjorden er straumlaus. Området frå Balestrand til Nessane
  • Sogndal: Frønningen er utan straum
  • Eid: Kjølsdalen, Heggjabygda/Navelsaker, Lote/Hennebygda, Skrede/Holmøyane og sørsida av Eidsfjorden
  • Førde: Solheimsdalen og Kråkenesmarka