NRK Meny
Normal

Store draumar for liten sport

– Det er kanskje litt mykje å håpa på at det vert like stort som langrenn, men eg håper at det veks mykje framover, seier den ferske Norgescup-vinnaren Malene Blikken Haukøy.

Malene Blikken Haukøy og Lars Erik Skjervheim

STOLTE VINNARAR: Malene Blikken Haukøy og Lars Erik Skjervheim var begge favorittar før start i laurdagens renn, og vann med god margin.

Randonee er lidenskapen hennar, og i februar kan ho verte verdsmeister. Men mange har aldri høyrt om sporten.

– For Norge som land så ligg alt til rette for å driva med randonee. Me har fjell, snø, veldig fin natur og masse kvikklunsj. Alle føresetnadene. Me må berre få folk til å skjøna det, meiner Haukøy.

Sesongstarten har vore bra. Ho starta som favoritt i laurdagens renn, og segla ikkje uventa inn som førstedame. I februar er ho klar for VM.

Malene Blikken Haukøy

GOD TRENINGSØKT: Norgescupen var mest som ei god treningsøkt for Blikken Haukøy, som er klar for VM i februar.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Stort i Europa

Randonee er fransk og betyr «gå på tur». Sporten er godt etablert og populært i Europa, og Høyanger-jenta håper dette vil skje i Norge også. Ho meiner sporten er kremen av skiidrett.

– Eg likar å verte sliten, og liker å vera i fjellet, og eg likar å renne nedover. Så eg føler eg får alt. Det fysiske, fine skiopplevingar og natur. Heilt optimalt.

Minuset er at oppslutninga er sørgeleg liten her til lands, og ho saknar kvassare konkurranse.

– Det er litt kjedeleg å konkurrera i Norge, men veldig kjekt å reisa ut i Europa, og få måla seg med folk som driv langt meir seriøst enn oss og verkeleg satsar.

Viktigast at det er kjekt

Det får ho snart. 6–12. februar måler ho krefter med verdstoppen i VM i Sveits, og ifølge randonee-koordinator i Norges Skiforbund, Martin Bartnes, har ho realistiske sjansar til å hevda seg – særleg i sprint. Blikken Haukøy er einig.

– Me frå Norge er kan hende litt sterkare og kjappare i beina på sprinten enn dei syltynne franske og italienske jentene, eg trur me har ein fordel der, meiner VM-håpet.

– Dette er den komplette skisporten. Me kallar det skileik for vaksne.

Martin Bartnes

– Kvifor ein smal sport som randonee, og ikkje langrenn eller alpint der det er lettare å satse?

– Ting hadde nok vore litt enklare om eg hadde drive med for eksempel langrenn, men dette er det kjekkaste eg veit, så då blir det rando. Sjølv om det er litt tungt og vanskeleg i blant, og ikkje alltid går rundt økonomisk.

Skiforbundet håper på vekst

– Interessa er aukande, men det er framleis ikkje mange som konkurrerer. I Alpene har dei for eksempel renn med 5- 6000 deltakarar. Det er større enn langrenn, fortel Martin Bartnes frå skiforbundet.

Han meiner sporten treng å verte kjent for fleire for å ha håp om å vekse i Norge, men ser positivt på utviklinga og har tru på framtida.

– Dette er den komplette skisporten. Me kallar det skileik for vaksne, og du treng ikkje eit anlegg. Berre fjell og snø. Og det er verkeleg utruleg kjekt!

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå