Hopp til innhold

Store brannskader på bustadhus

Eit bustadhus i Eid sentrum fekk omfattande skade ved ein brann laurdag. Brannen vart meld klokka 12.25. Det var ikkje folk i huset då brannen braut ut.

Brann i bustadhus på Nordfjordeid
Foto: Anna Wuttudal, Fjordabladet

I starten var det uvisst om det var folk inne, og røykdykkarar tok seg raskt inn for å sjekke. Dei fann huset tomt. Det viste seg at dei som bur i huset var bortreist.

Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane Politidistrikt opplyser at brannen var under kontroll etter ein times tid.