Hopp til innhold

Norske turistar vel storbyferiar framfor helg på lokale hotell

Mange av distriktshotella må omstille seg når norske turistar heller vel billege turar til storbyar framfor å tilbringe helga på lokale hotell.

Berge og fly

ENDRAR VANAR: Dagleg leiar ved Selje hotell, Gerd Kjellaug Berge, seier at dei merkar godt at turistane endrar vanar.

Foto: Privat/NRK

Turistsesongen i sommar har vore dårlegare enn i fjor fordi turistane endrar feriemål.

– Vi er litt uroa for prisnivået i Norge, og det å kunne tilpasse oss dei nye trendane, seier dagleg leiar ved Selje hotell, Gerd Kjellaug Berge.

Billege flyreiser og meir kontinentale vanar, gjer at også mange nordmenn tykkjer det er meir in med storbyferie.

– Og når det gjeld møter og kurs, så er det mykje videokonferansar, eller flyplasshotella som tek mykje. Det vert ei stor utfordring for bransjen, seier Berge.

Ser at gjestane er nøgde

Men ho ser ikkje mørkt på framtida for hotellet i Selje for det.

– Eg ser store moglegheiter i Stad skipstunnel, og i forhold til den satsinga som er på nasjonal pilgrim- og klostersenter, seier Berge.

Ho meiner det handlar om å nytte seg av dei moglegheitene som finst.

– Vi ser at dei gjestane som kjem, er strålande nøgde. Det er berre volumet som manglar, seier Berge.

Fleire har teke grep

– Dette er noko vi har sett over tid. Det poppar opp masse flyplasshotell som tilbyr konferansepakkar, og ein del vel desse fordi det rett og slett sparar tid. Det er noko arbeidsgjevarar har vorte meir og meir opptekne av dei siste åra, seier Wenche Salthella i NHO Reiseliv.

Ho seier at fleire av hotella her har teke grep for å sikre seg eit betre grep om marknaden.

– Det er nokon som har fått seg konferansesalar, og det trur eg er ein stor suksess for dei som har det. Då klarar dei å få ein del av den marknaden, i tillegg til vanlege turistar, seier Salthella.

Må ha opplevingar

Ho trur det også fører til at folk som er her på konferansar, vel å komme tilbake og feriere som privatpersonar, nettopp fordi dei ser kor flott det er her.

Trenden med rimelege storbyferiar er ho klar over.

– Storbyane er ei ferieform som blir meir og meir populær, og tilkomsten er lett, også for ei helg. Det er heilt klart ei utfordring for hotella i distrikta, seier Salthella.

Ho er klar på kva ein må gjere for å motverke vridinga.

– Ein må ha eit godt produkt med god kvalitet, og så blir det berre meir og meir viktig at ein har opplevingar rundt overnattingsstaden, at ein kan oppleve mykje kjekt der ein er, seier Salthella.