Hopp til innhold

Storbrann i Lærdal - brannvesenet har ikkje kontroll

Minst fem hus står i Lærdal sentrum. Brannvesenet har ikkje kontroll i den sterke vinden. Innbyggjarane i sentrumsområdet vert evakuerte.

Alt tilgjengelig brannmannskap frå Lærdal, Årdal og Aurland har rykka ut til det som i utganspunktet starta som ein brann i eit bustadhus i Kyrkjegata på Lærdalsøyri litt før klokka 23 laurdag kveld.

I den sterke vinden har brannen no spreia seg til fleire hus. Minst fem hus skal stå i full fyr, ikkje langt unna kyrkja i Lærdal.

Politiet har ikkje fått melding om personskader. Dei fire som var i huset der det starta å brenne kom seg uskadde ut.

Saka vert oppdatert.