Hopp til innhold

Storavis utan tru på Sogndal

Avisa VG trur at opphaldet til Sogndal i eliteserien blir kortvarig. – Dette ber rett ned igjen, skriv dei.

Harald Aabrekk

BLIR DET RETT NED IGJEN?: Sisteplass på tabellen for trenar Harald Aabrekk og Sogndal er spådommen til VG.

Foto: Ketil Jordan / NRK

VG har kvart år ein gjennomgang av alle laga i den øvste divisjonen. På tabelltipset sitt set dei Sogndal heilt nedst, på 16. plass. «Hei - og farvel, Sogndal» er tittelen i dagens avis.

Avisa meiner at Sogndal har akseptert og funne plassen sin i fotballhierakiet.

– Klubben lever av å utvikle og selje talent, er dommen frå sportsjournalistane.

– Kven skal skåre?

Eit av spørsmåla dei stiller er kven som skal skåre måla. Dei meiner at laget ikkje har nokre klassiske målskårarar. Dei er heller ikkje vidare imponert over keeper, forsvar og midtbane.

Avisa meiner trenar Harald Aabrekk er ein smarting som veit korleis han skal setje saman lag og at han har ei høg stjerne i Sogndal. Men han må utfordre seg sjølv og bevise at han fungerer som hovudtrenar.

Trur dei kan overraske

Håvard Flo

ER BUDDE PÅ KORT OPPHALD: Men Håvard Flo seier at Sogndal kan overraske som dei har gjort før.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Toppspelarutviklar og assistentrenar i Sogndal, Håvard Flo, seier til NRK.no at dei er budde på at det blir tøft.

– Vi skal vere såpass ærlege. Vi liker å vere fornuftige og tenkje langsiktig. Og det er heilt rett at vi er ein utviklingsklubb som dyrkar fram våre eigne. Dette vil vere greia til Sogndal Fotball også framover.

Men sjølv om VG spår kjapp retur til 1. divisjon, trur Flo at laget kan overraske.

– Det har vi gjort før i eliteserien og det kan skje igjen. Vi jobbar jamnt og trutt, men vi er ein liten klubb budsjettmessig, og taper terreng allereie der.

Fosshaugane er fortet

Håpet er at dei klarer å bite seg fast og byggje stein på stein i kommande sesong. Til VG sitt spørsmål om kven som skal skåra måla, har Flo eit par namn.

– Førre sesong skåra Espen Olsen mange og no har vi også Ulrik Flo som tek nye skritt for kvar dag som går. Han blir kasta ut i det og veks i klubben.

VG avsluttar analysen sin med å skrive at Sogndal er vriene å møte heime. Dette gler fotballhjartet til Håvard Flo.

– Fosshaugen er fortet vårt. Vi håper og trur at lokalpatriotismen vil vere med å hjelpe oss. Eg gler meg veldig, og håper at heile fylket kjem for å sjå på.

Sogndal er for tida på treningsopphald på La Manga. Neste kamp er laurdag, då møter dei Haugesund.