Hopp til innhold

Storaksjon blir avklart neste veke

Det er heller ikkje denne veka funne spor etter 37 år gamle Christer som har vore sakna i Sogndal sidan 9. mai. I dag har det ikkje vore leiting. Politiet og Røde Kors er no i gang med å planlegge ein større leiteaksjon. Ifølgje regionlensmann Arne Johannessen vil dei truleg ha planen klar tidleg i neste veke. Han fortel også at politiet ikkje har fått noko tips frå publikum i saka.