Hopp til innhold

«Alle» ville handle siste veka før jul

Etter ein roleg start på desember opplevde fleire kjøpesentera i fylket nærast ein eksplosjon i handelen siste veka før jul.

Wilhelm Tangerud

INNSPURT: Senterleiar Wilhelm Tangerud, Amfi Sogningen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Wilhelm Tangerud på Amfi Sogningen er ein av senterleiarane i fylket som fortel om ei travel sisteveke før jul.

– Vi hadde rekordomsetning, med over 23 millionar kroner i omsetning. Det er 12 prosent auke samanlikna med same veke i fjor. Desember månad samla sett har 1 prosent auke, og november syner 3 prosent, seier Tangerud

– Korleis analyserer du handelen i Sogn ut frå det?

– Sjølv om det ikkje er store auken hjå oss, er julehandelen stabilt bra.

Overraska

Senterleiar Mariann Njøsen ved Amfi Førde er overraska over storhandelen i veka før jul, sidan desember starta så forsiktig.

– Vi har ei auke på over 13 prosent. Det svarar til 25 millionar kroner, seier Njøsen.

– I fjor hadde de ein vekst på berre 1 prosent. Kva har skjedd?

– Veldig usikker. Men Burger King dreg kundar. Det er ei av årsakene. Amfi Førde hadde 65 000 kundar inne i desember, så det var veldig bra, seier Njøsen.

Senterleiar Mariann Njøsen på Førde Amfi

OVERRASKA: Senterleiar Mariann Njøsen, Amfi Førde.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Nye butikkar

Gro Gjerdevik ved Amfi Nordfjord vart også råka av storhandel siste veka før jul. Av sentera som NRK har snakka med, har Amfi Nordfjord størst prosentvis vekst, jamført med siste veka før jul i fjor.

– Vi hadde cirka 17 prosent auke. Det er godt 15 millionar mot 13 millionar i fjor, seier Gjerdevik.

Gro Gjerdevik

Senterleiar Gro Gjerdevik i Amfi Nordfjord.

Foto: privat

Ho forklarar auken med fleire butikkar.

– Vi har gjennom året fått fleire butikkar. I tillegg har vi etablert oss i Nordfjord som ein møteplass for heile Nordfjord og delar av Sunnmøre, meiner Gjerdevik.

Mykje mat

Tangerud ved Amfi Sogningen seier sogningane brukar mykje pengar på mat.

– Daglegvarebutikkane våre har hatt ei kjempefin jul.

– Sidan mathandelen aukar kraftig, er det då slik at den vesle veksten i desember er ujamt fordelt, at andre har nedgang?

– Daglegvarehandelen har vore stor i år. Og begge daglegvarebutikkane i senteret har hatt ein god desember, men eg trur ikkje dei stel frå dei andre, seier Tangerud.

Njøsen i Amfi Førde, seier det ikkje er butikkar som skil seg ut hjå ho.

– Tala er ganske jamne. Nokre butikkar har litt minus, mesteparten har pluss. Og med Burger King har også dei andre etestadane i senteret auka omsetnaden, seier Njøsen.

Anne Karin Steen på Elvetorget Førde har ikkje tala klare, men stadfestar trenden og fortel om god handel også hjå ho.

NRK har prøvd, men foreløpig ikkje lukkast å få tal frå Florø.

Amfi Sogningen

HANDEL: Amfi Sogningen.

Foto: Wilhelm Tangerud

.