Hopp til innhold

Klart for storutbygging av kraftverk i Sogn

800 millionar skal Sognekraft bruke på utbygginga av kraft i fjella i og rundt Leikanger i Sogn. Investeringa er ein av dei største i fylket i nyare tid, seier direktør i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal.

Terje Bakke Nævdal og Harald Fimreite

NØGDE KARAR: Terje Bakke Nævdal og Harald Fimreite i Sognekraft på veg inn Fjærlandsfjorden i Sogn.

Foto: Sognekraft

Styret for Sognekraft AS vedtok i dag utbygginga, som skal produsere 208 gigawattimar med straum kvart år, noko som svarar til straumforbruket til 10.000 husstandar. For å få til utbygginga sel selskapet rettane til seks småkraftverk til eit tysk selskap.

– Eg er utruleg stolt over at vi har fått til denne løysinga, som inneber at vi kan setje i gang utbygginga i Leikanger for fullt no i haust. Gjennom vår satsing kring Fjærlandsfjorden og i Leikanger genererer vi aktivitetar for langt over ein milliard kroner, seier direktør i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal til NRK.

I Leikanger har det vore skepsis til planane om ei storstila utbygging, og folk har vore uroa for om utbygginga vil kunne råke drikkevassforsyninga til sognekommunen.

Hastar med å kome i gang

Investeringsvedtaket til styret for Sognekraft AS er startskotet for ei av dei største vasskraftutbyggingane i Noreg i dette tusenåret, og er den største satsinga i Sognekraft-regi sidan utbygginga av Årøy kraftverk. Tilrettelegging for tunnelpåslaget i Grindsdalen er allereie igangsett.

I 11 år har Sognekraft jobba med planane. Bakke Nævdal seier det hastar med å kome i gang med arbeidet. Kraftverket må stå ferdig innan 2021 for at dei skal få glede av ei støtteordning som vert avslutta det året.

Dobla talet på tilsette

Bakke Nævdal fortel at dette er ein fantastisk dag for både han og selskapet.

– Denne utbygging vil bidra til å vidareutvikle selskapet fordi produksjonen aukar og vi får fleire tilsette. Sognekraft vil styrke seg som selskap, forklarar han.

Talet på tilsette i Sognekraft har dobla seg dei siste ti åra, frå 50 til godt over 100 tilsette i dag.

– Vi har posisjonert oss for å kunne gjennomføre denne utbygginga. Ein del av den aktiviteten vi har i dag er knytta opp mot Leikanger kraftverk, der vi har satsa på at vi skulle gjennomføre prosjektet.

Skal drive småkraftverk

Salet av dei seks småkraftverka i Fjærland, som er samla i Sognekraft sitt heileigde dotterselskap Fjærland Kraft AS, inneber at Sognekraft skal drifte og vedlikehalde desse kraftverka, og at Sognekraft kan kjøpe Fjærland Kraft AS attende etter 25 år.

Leikanger i Sogn

UTBYGGING: Den store kraftutbygginga skal skje i fjellområda i og rundt Leikanger i Sogn.

Foto: Tor Yttri