Hopp til innhold

Dei er sterkt bekymra for samskipnad-fusjon

SOGNDAL (NRK): Studentsamskipnaden i Bergen vil fusjonera med Sogn og Fjordane, men tviheld på Bergens-makta. Det kan torpedera høgskulefusjonen. I morgon held departementet krisemøte.

Rasmus Stokke, Trond Ueland og Ingrid Moe Albrigtsen

SAMSKIPNADEN VIKTIG FOR HØGSKULEN: Høgskulerektor Rasmus Stokke (f.v.), HiSF-styreleiar Trond Ueland og studentparlamentsleiar Ingrid Moe Albrigtsen likar ikkje dei konfliktfylte fusjonssonderingane mellom samskipnadane i vest, som har gått føre seg dei siste månadane: – Eg er redd velferdstilbodet i fylket blir dårlegare på sikt, seier Albrigtsen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (Sisof) kan mista strategisk makt, og det er veldig uheldig for oss, fordi me kan bli ein perifer institusjon som ikkje blir prioritert, seier studentparlamentsleiar Ingrid Moe Albrigtsen.

I skuggen av høgskulefusjonen mellom Bergen, Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane (HiSF), har det – etter det NRK kjenner til – pågått konfliktfylte fusjonssonderingar mellom dei tilhøyrande studentsamskipnadane (sjå faktaboks).

Der høgskulane har forhandla fram ein fusjonsavtale, som styra skal ta endeleg stilling til på torsdag, avviser storebror blant studentsamskipnadane – Bergen (SiB) – å klargjera viktige spørsmål, som fordeling av makt og mynde.

Opphoping av Bergen-sjefar

Sisof-direktør Randi Marie Sjøholt ønskjer førebels ikkje å kommentera saka, men høgskulerektor Rasmus Stokke er uroleg:

– Bekymringa er at samskipnadane ikkje har laga ein avtale, slik me har gjort mellom høgskulane. Difor veit me ikkje kva ein samskipnad-fusjon vil innebera.

  • Eit av stridstema i sonderingane har vore kvar samskipnad-sjefane skal sitja: Etter det NRK kjenner til, vil SiB at direktøren og toppleiinga skal sitja i Bergen, og at Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund skal ha kvar sin regiondirektør med personalansvar, men at det strategiske myndet skal vera i Bergen.
Bjørn Haugstad

KRISEMØTE FOR Å UNNGÅ FUSJONSHAVARI: Statssekretær Bjørn Haugstad (H) kallar leiinga for dei tre høgskulane og studentsamskipnadane på Vestlandet inn til krisemøte i Oslo i morgon for å unngå at samskipnad-fusjonen skal forkludra høgskulefusjonen på oppløpssida, her under eit høgskulemøte i Bergen, 7. september 2015.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
  • SiB vil òg halda på logoen sin og at namnet skal vera Studentsamskipnaden i Bergen og på Vestlandet. Etter det NRK kjenner til, skal Sisof vera usamd i dette og ønskja eventuelt eit nytt namn – Studentsamskipnaden på Vestlandet – og ny logo.

– Me vil ha ein samskipnad-leiar i Sogn og Fjordane som har strategisk innverknad, og som kan påverka studentvelferda i Sogndal og Førde direkte, seier Stokke.

Rektoren og høgskulestyret har engasjert seg sterkt i framtida til Sisof, sjølv om dei ikkje bestemmer over samskipnaden. Gode velferdstenester er nemleg avgjerande for god studentrekruttering.

Mini-veslebror

– Der HiSF blir ein veslebror mot Høgskulen i Bergen, blir Sisof ein mini-veslebror mot SiB, åtvarar stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

Ho er uroa for maktforholdet mellom dei to institusjonane:

  • Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane yter tenester til om lag 3.800 studentar i Sogndal og Førde
  • Studentsamskipnaden i Bergen yter tenester til over 30.000 studentar og har heile ti utdanningsinstitusjonar under paraplyen sin – Norges handelshøgskule, BI og Universitetet i Bergen inkludert

– HiSF er ein suksess, og samskipnaden er ein viktig årsak til at studentmiljøet ved høgskulen er så godt som granskingar viser. Det må høgskulestyret ta med seg på torsdag når dei forhåpentlegvis seier nei til høgskulefusjon, seier Navarsete.

Ein styreplass – annakvart år

Dersom Sisof går saman med SiB, kan Sogn og Fjordane stå att med éin styreplass, men berre annakvart år.

Styreleiar for samskipnaden i Bergen, Tor Prestegard, vil ikkje avklara kor stor reell innverknad Sogn og Fjordane vil få, før etter at høgskulefusjonen blir avklart på torsdag.

– Me vil venta på den avgjerda, men ønskjer å tryggja god velferda til alle studentane i ein eventuell ny samskipnad, seier Prestegard.

Styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane

FUSJONSHAVARI? Det er uvisst om HiSF-styret seier ja eller nei til høgskulefusjon på torsdag. Men for HiSF er studentvelferda så viktig for studentrekruttering og omdøme, at manglande forsikringar til samskipnaden kan vera det som bikkar styrefleirtalet over til eit fusjons-nei.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Krisemøte

Ingen i politisk leiing i Kunnskapsdepartementet, som har ansvaret for studentsamskipnadane i landet, kunne kommentera saka i går. Men statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet, som ivrar sterkt for ein høgskulefusjon i vest, har kalla leiinga for dei tre høgskulane og studentsamskipnadane inn til krisemøte i Oslo onsdag for å unngå at samskipnad-fusjonen skal forkludra høgskulefusjonen på oppløpssida.

– Eg forventar at departementet stoppar fusjonen dersom det er det beste for studentvelferda i Sogn og Fjordane, seier studentparlamentsleiar Albrigtsen.