NRK Meny
Normal

Stor uro for framtida blant læraran

Uvissa blant lærarar på vidaregåande skular i Sogn og Fjordane er stor om dagen. Neste år blir skuletilbodet endra, og mange titals lærarar veit ikkje kva framtida bringer.

Kjøper leksehjelp

UVISSE: Lærarar kjenner på ei uvisse fordi dei ikkje veit kva jobbar dei har å gå til neste år.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Det har oppstått eit vakuum, og uvissa er stor, seier tillitsvald ved Luster vidaregåande skule, Edit Asperanden.

Det er no snart fem månader sidan fylkespolitikarane vedtok store endringar i dei vidaregåande skulane. Men framleis veit mange lærarar lite om kva jobbar dei har å gå til neste år.

– Akkurat no vil eg seie at vi merka ei større uvisse enn vi har gjort tidlegare, seier Asperanden til NRK.no.

– Utan kunnskap blir vi usikre

Tidleg i juni klubba fylkestinget gjennom det framtidige skuletilbodet ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Store endringar vart vedteke, og for dei nær 30 lærarane ved Luster vidaregåande skule var beskjeden at arbeidsplassen deira vart nedlagt.

Omlegginga ved dei vidaregåande skulane råkar mange av dei 1000 tilsette. No, snart fem månader etterpå, er det framleis mykje som er uklart.

– I starten når skulen var vedteken nedlagt, hadde vi ganske god informasjonsflyt. Men så har det kanskje stoppa litt opp. Når vi manglar kunnskap blir vi usikre, og den uvissa er merkbar blant personalet no, seier Edit Asperanden som er tillitsvald ved Luster vidaregåande.

– Ein veit ikkje om ein blir flytta langt vekk, eller om ei får jobbe ved næraste skule. Eller om ein får jobb i det heile teke, seier ho.

– Alle kjenner på uroa

Hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet, Rune Hovland, har besøkt alle dei vidaregåande skulane. Møta med lærarane oppsummerer han slik.

– Det er klart at dette er noko som engasjerer, og noko som blir teke på alvor. Dei kjenner på uroa alle plassane, seier Hovland.

Om lag 65 årsverk innan lærarstaben i fylket vil bli overflødige frå neste år. Dette trass i att 380 lærarar er over 55 år og nærmar seg pensjonsalder. I tillegg kjem andre tilsette ved skulane.

– No veit ikkje vi kva kompetansen ein vil trenge framover, vi veit ikkje kva slags kompetanse som vil pensjonere seg. Så det er veldig uavklart korleis dette vil bli, seier Hovland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Luster vidaregåande skule på Hafslo

NEDLAGT: Luster vidaregåande skule blir nedlagt, og lærarane der er usikre på kva jobbar dei har å gå til neste år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vil ha meir informasjon

Fylkeskommunen lagar no ei oversikt over kompetansen til lærarane, og kor lenge dei har jobba. Dei med kortast tilsetjingstid, gjerne dei yngste, hamnar nedst på lista.

Edit Asperanden i Luster er spent på søkjartala neste år. Kva lærarar er det bruk for?

– Kva som skjer til neste år er eit brennbart tema. Men samtidig vil eg seie at humøret er upåklageleg, og sjølv om vi snakkar om kva som skjer neste år snakkar vi også om mykje anna, seier ho.

– Kva kunne du ønskje deg frå leiinga i fylkeskommunen?

– Eg kunne ønskje dei kunne kome rundt og seie kva dei tenkjer om korleis saka skal gå vidare frå no. Slik signala er no kan vi risikere å gå heilt til mars, når søknadsfristen til vidaregåande skular er ute, før vi veit kva jobb vi har til neste år. Og det er ganske lenge, seier ho.

Får ikkje avklaring før til våren

Assisterande fylkesdirektør for utdanning, Tor-Einar Skinlo, seier det alltid er bruk for meir informasjon.

Fylkeskommunen har sendt brev og halde møte for å informere, men dei tilsette kan ikkje vente seg endeleg avklaring om jobben sin, før skuletilbodet er klart i mars/april.

– Det som er krevjande no er at det er lite som er synleg for den enkelte tilsette. Det er slik at ein ønskjer å behalde så mange som mogleg av dei tilsette ein har i dag, og då må vi sjå på kven som går av som følgje av naturleg avgang, og ein må sjå på stillingsplanane.

– Ein må også sjå på kva tilbod som skal lysast ut neste år, før ein kan få ei endeleg oversikt over talet på tilsette som vil vere overflødige, seier Skinlo.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.