Hopp til innhold

Her kjem verdas første skipstunnel

Onsdag var politikarar, byråkratar og forkjemparar samla i Selje, og på synfaring i Moldefjorden, der den gigantiske Stad skipstunnel vil gå inn i fjellet om nokre år.

Verdas første skipstunnel er planlagd i Selje.

– Det vil bli ein stor portal, forma litt som ei trakt, og med moloar der du vert ført inn til sjølve tunnelløpet. Opninga vil vere rundt 40 meter høg frå vatnet. Det vert veldig store dimensjonar. Som ein lang fjellhall, meir enn ein tunnel, seier Terje Andreassen.

Han er prosjektleiar for Kystverket, som på bestilling frå samferdsledepartementet akkurat no går gjennom alle tidlegare utgreiingar og rapportar om den knappe to kilometer lange tunnelen forbi det svært vêrharde området. Ikkje mindre enn 18 tidlegare statlege utgreiingar må dei gå gjennom.

Terje Andreassen, Kystverket

OMFATTANDE: Det manglar ikkje på tidlegare utgreiingar og rapportar for Andreassen å gå gjennom.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Eit omfattande arbeid, men Andreassen seier dei skal kome i mål i løpet av året. For til trass for at tunnelen har vore omstridd, og planlagd i fleire tiår, har han tru på at prosjektet han leiar er realistisk.

– Det er teke med i Nasjonal Transportplan (NTP) for siste periode, og det vil seie byggjestart tidlegast i 2018. Det er gjennomførbart for oss, men om det blir realisert er opp til politikarane å avgjere, seier Andersen.

Klokkeklar i trua på tunnelen

Til stades på møtet i dag, og med på synfaringa var dei tre kommunane Selje, Vanylven og Vågsøy. Selje-ordførar Ottar Nygård, som også er prosjektansvarleg for skipstunnelen, seier dei gjer jobben for at politikarane i nasjonalforsamlinga skal løyve pengane raskast mogleg.

– Vi jobbar systematisk inn mot det politiske miljøet på Stortinget, både når det gjeld neste års statsbudsjett og når det gjeld NTP som skal rullerast i 2017, seier Nygård.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stad skipstunnel skal gå gjennom dette fjellet, mellom Kjødepollen og Moldefjorden.

1,8 KILOMETER: På dette flyfotoet ser vi kvar Stad skipstunnel skal gå – frå Moldefjorden (til høgre) til Kjødepollen (til venstre).

Foto: Stig Silden

Han er klokkeklar i trua på at verdas første skipstunnel då vert ein realitet.

– Når Stortinget handsamar NTP i juni 2017 skal Stad skipstunnel ligge i første fireårsperiode.

Dei tre kommunane er samstemte i sitt ønske. Men Selje-ordføraren meiner dette har langt større dimensjonar enn dei lokale.

– Det har så stor nasjonal verdi, at vi må sjå langt ut over våre rekkjer. Vi håpar å skape entusiasme for dette prosjektet også internasjonalt, seier Nygård.

Mange fordelar med tunnel

Prosjektleiaren frå Kystverket seier mange vil nytte godt av moglegheita for å kome seg forbi det farlege havområdet mange fryktar.

– Tunnelen vil trygge farleia. Det vil kunne opne for persontrafikk. I dag får ikkje hurtigbåtane gå forbi Stad, med tunnel kan ei rute opne. Det blir sikrare godstransport, med mindre skadar, og mindre ventetid, spesielt for dei som fraktar levande fisk, seier Andreassen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stad Skipstunnel

SYNFARING: I dag var politikar, byråkratar og forkjemparar for tunnelen på synfaring i området der tunnelen skal starte.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han trur tunnelen kan stå ferdig i 2022 eller 2023. Eit viktig tema på møtet i dag var risikoen ved prosjektet, til dømes faren ved eventuelle brannar om bord på skipa som kjem til å nytte tunnelen.

– Det er veldig liten sannsynlegheit for at ein slik situasjon skal oppstå. Men vi er nøydde til å gjennomføre ei vurdering og ein risikoanalyse for ein slik situasjon, seier Andreassen.

Fryktar ikkje skjer i sjøen

I mars i fjor gjekk flagga til topps i Selje, då det vart kjend at den førre regjeringa lovde ein milliard kroner til Stad skipstunnel.

Milliarden i fjor er pengar som er lovde, ikkje løyvde. Ordføraren fryktar ikkje skjer i sjøen.

– Nei, eg gjer ikkje det. Eit samrøystes Storting har på bakgrunn av det som var framlagt i juni 2013 sagt at Stad skipstunnel skal inn på NTP med ein milliard. Berre det at dei sette summen ein milliard, er ei stor signaleffekt. Tunnelen har kome inn på planen for å bli, seier Nygård.

Video Samfunnsnytten større enn rekna med

GIGANTISK: Den 1,8 kilometer lange tunnelen gjennom fjellet skal vere 40 meter høg. Meir ein fjellhall enn ein tunnel, seier prosjektleiaren.

Foto: Nyhetsspiller