Hopp til innhold

Stor tru på Lærdalselvi

Laksestammen i Lærdalselvi skal no byggjast opp att, 15 år etter at elva vart smitta av lakseparasitten gyrodactylus salaris.

Lakserogn blir sett ut i Lærdalselvi

HER LIGG FRAMTIDA: Rogn blir lagt i gytegrop i Lærdalselvi.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Det er store forventningasr til at det som var ei av dei beste lakeselvane i landet skal bli frisk.

Hundretusenvis av lakserogn blir gravne ned i elvebotnen. Etter 15 år med vonbrot er trua på at elva er frisk så sterk at laksestammen blir bygd opp att. Prosjektleiar Håvard Lo frå Veterinærinstituttet fortel at dei er meir effektive enn laksen.

– Det tek oss fem minutt å lage ei gytegrop. Laksen brukar fleire dagar. Her blir rogna og yngelen i eit par månader.

Gyroen overlevde rotenon

Lærdalselvi var mellom dei beste lakseelvene i landet, men i 1997 vart den smitta av parasitten gyrodactylus salaris. Giftstoffet rotenon vart sleppt ut i elva, men gyrosmitten overlevde, sjølv om all fisken vart drepen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Lasse Sælthun

VELDIG SPENT: Leiar Lasse Sælthun i Lærdal elveeigarlag.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Veldig spente

Seinare har vassdraget vore behandla fleire gonger, og no har elveeigarane store forventningar. Leiar Lasse Sælthun i Lærdal elveeigarlag er spent på dei komande månadene.

– Etter at det vart kjent at ein kan fiske her i sommar har vi hatt ein veldig pågang av folk som vil kome tilbake for å fiske. Vi er veldig spente på sesongen, og ikkje minst på prøvene som skal takast i sommar, at det ikkje er gyro lenger.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kan fiskast i 2017-2018

Anne Kristin Jøranlid

- SET ALLE KLUTAR TIL: Rådgjevar Anne kristin Jøranlid i Direktoratet for Naturforvaltning.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Genmaterialet til laksestammen vart sikra etter at elva vart smitta. Rådgjevar Anne Kristin Jøranlid i Direktoratet for Naturforvaltning trur prøvene framover vil vise at elva er frisk.

– Vi håpar at aluminiumbehandlinga som var i 2011 og 2012 har teke knekken på parasitten. No set vi alle klutar til for å få bestanden opp til nye høgder.

No skal det settast ut rogn kvart år framover. Og om få år kan det vere ein laks herifrå som bit på kroken, seier Jøranlid.

– I 2017 eller 2018 kan dei ta til å fiske på det vi no set ut.

Lærdalselvi

SNART PÅ TOPP IGJEN? Lærdalselvi.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK