Hopp til innhold

- Har nokon ein spade, tenkte Erik Dahlin. Han er glad Sogndal vart berga av andre

Sogndal-målvakt Erik Dahlin sender ein stor takk til Vålerenga og Viking etter at Sogndal tapte 2-1 mot Aalesund på Fosshaugane i årets siste seriekamp.

Erik Dahlin

VILLE GRAVE SEG NED: Erik Dahlin fomla inn eit mål, han er glad for at det ikkje vart fatalt for Sogndal.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

For ein kjempebrølar av den svenske sisteskansen i det 26. minutt var medverkande til at Sogndal ikkje fekk det poenget som trengdest for at laget sjølv skulle feie all tvil om framleis eliteseriespel av bana.

Men sidan Vålerenga med ein mann utvist i store delar av kampen vann 2-0 over Sandnes Ulf, og Viking til slutt vann 2-1 over Sarpsborg 08 vart ikkje tabben til Dahlin avgjerande.

– Har nokon ein spade?

– Kva eg tenkte då eg glapp ballen? Har nokon ein spade så eg kan grave meg ned, tenkte eg. Nei, eg trudde eg hadde full kontroll, og så glapp den og spratt over målstreken. Eg er veldig glad for at det målet ikkje vart avgjerande for vår eksistens i Tippeligaen.

Corneren som Jo Nymo Matland svinga inn mot Sogndal-målet var eigentleg rein keepermat. Men heilt upressa greidde ikkje Erik Dahlin å halde ballen, som i staden skrensa av hansken hans og over streken.

Her er kampfakta

Ulrik Flo har scora mot Aalesund

SLUTT PÅ MÅLTØRKE: Ulrik Flo på full fart mot midtstreken etter å ha sett inn sitt første mål sidan første serieomgang.

Foto: Alf Vidar Snæland

Ein annan Sogndal-spelar som var glad for hjelpa frå Vålerenga og Viking er Ulrik Flo.

– Utruleg imponerande av Vålerenga å vinne 2-0 med ein mann mindre. Stor takk til dei.

Scora i første og siste runde

Men stryningen hadde ein annan grunn til å vere glad. For endeleg var det slutt på måltørke og alt maset om kvifor han ikkje scorar lenger. Han scora mot Brann i siste serierunde i fjor, og han sette inn eit mål i første serierunden mot Tromsø i vår.

– Eg scorar i alle endane. Det gjorde utruleg godt å få dette målet. Det hjelpte oss ikkje til poeng, men for meg var det veldig viktig. Det var nesten ferdigscora, men eg var på rett plass, og eg trengde eit slikt lett mål. No kan eg legge bak meg alt maset om måltørke.

Ulrik Flo synest Sogndal gjorde ein bra andreomgang, då greidde heimelaget å etablere eit offensivt trykk, men i staden gjekk Aalesund opp til 0-2 etter at Leke James heada inn ein corner. Og det kunne fort ha stått 0-3 like før Flo sette inn sitt mål. For Aalesund vart snytt for eit straffespark.

Sten Grytebust og Azar Karadas i duell

TØFFE DUELLAR: Aalesund-keeper Sten Grytebust slår ballen vekk frå hovudet til Azatr Karadas.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Aalesund heldt Molde bak seg

Og Aalesund makta den oppgåva laget kom til Sogndal for å utføre - å sikre fjerdeplassen som kan gje europacupspel neste år. Det innebar å halde Molde bak seg, og det var stor jubel blant Stormen då speaker fortalde at Molde låg under mot Start.

Aalesund-trenar Jan Jönsson meiner målet neste sesong må vere medalje. Men då må forsvarsarbeidet bli betre, seier han.

Sjå intervju med Jönsson:

Jönsson om kampen

Jönsson om kampen

– Større prestasjon enn i fjor

Sogndal-trenar Jonas Olsson hadde helst sett at laget hans hadde sikra plassen på eiga hand, men han er glad for at det til slutt vart ein 12. plass, ein plass opp frå fjoråret.

– Eg er skuffa over at vi ikkje fekk eitt mål til, men når vi oppsummerer er prestasjonen vår i 2013 større enn det vi fekk til i fjor.

Sjå intervju med Olsson:

Jonas Olsson om kampen

Jonas Olsson om kampen

– God sesong

Azar Karadas bar kapteinsbindet for Sogndal i årets siste kamp, og han var glad for at laget no er sikra ny kontrakt:

– Eg har ein god følelse, vi tapte kampen, men fekk hjelp, og eg synest vi har gjort ein god sesong.

Sjå intervju med Sogndal-kaptein Azar Karadas:

Karadas om kampen

Karadas om kampen

Frå Sogndal med ei tann mindre

For midtbanespelaren Peter Orry Larsen blir nok dysten på Fosshaugane Campus minneverdig på anna vis også. For i ein duell med Gustav Valsvik gjekk det hardt ut over tanngarden hans. Ei av framtennene gjekk fløyten.

Peter Orry Larsen

MANGLAR EI TANN: Peter Orry Larsen fekk eit ublidt møte med Sogndal.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Mintest drapsofra

Før kampen vart sett i gang var det eitt minutts stille for å minnast dei tre som vart drepne på Valdresekspressen måndag.

Eitt minutts stille før kampen

STILLE FØR KAMPEN: Spelarane samla ved midtstreken for å minnast dei som vart drepne på Holsbru i Årdal måndag.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix