Hopp til innhold

Festivalsjefen: – Det meste har vore fullbooka

Den andre versjonen av Våt Moro har bydd på langt fleire aktivitetar enn i fjor. Likevel har det meste vore fullbooka.

Parkhygge og leiking i ball på vatn. Her er glimt frå Våt Moro 2013 i Florø.

PARKHYGGE: Våt Moro handlar ikkje berre om ekstreme sportar på sjøen. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

– Billettsalet har gått så det dundrar. Det har vore heilt fantastisk, seier festivalsjef Roger Bareksten.

Våt Moro blir denne veka arrangert for andre gong og er relativt ferske i festivaljungelen. Likevel har dei klart å ta eit langt steg vidare på den korte tida frå fjorårets festival.

Forventar monsterfest laurdag

– Det har vakse seg mykje større, spesielt på kveldsarrangementa. Det var ikkje så mykje trøkk her på kveldstid i fjor. På torsdag var vi 250 i festivalteltet, og fredag var det stappfullt. Det var kø utanfor blomsterhagen allereie i 22-tida på kvelden, seier Bareksten, som i kveld forventar ein monsterfest i Florø.

Skydive Voss, karane bak Ekstremsportveko, har også sett sitt preg på Florø i desse festivaldagane. Ifølgje Bareksten elskar dei Våt Moro og ønskjer å komme tilbake år etter år.

– Det har vore eit veldig positivt bidrag. Berre det å ha helikopteret hengande over byen er spektakulært. Eg får gåsehud berre av tanken på å hoppe i fallskjerm over eigen by, seier festivalsjefen.

(Saka held fram under biletgalleriet)

Vêrutfordringar for fallskjermhopp

Han var ein av dei heldige som fekk seg eit hopp, men det var lange ventelister og ikkje alle fekk hoppe grunna dårlege vêrforhold.

– Det har vore store utfordringar med vind og skydekke. Vi fekk vel 13 tandemhopp på torsdag, men det var lange ventelister. I dag klarte ikkje vi å få folk i lufta i det heile, seier han.

Elles har det meste gått på skinner for festivalen, men det tek på å vere festivalsjef, og kanskje særleg når det er så mange ting som går føre seg på ein gong.

– Eg er sliten, ja. Men å ha så mykje lukkelege folk rundt seg gir ein ekstra energi til å stå på, og slik er det nok også for frivilligapparatet som har gjort ein kjempejobb, seier Bareksten.

Det meste av aktivitetar er no avslutta i Florø.