NRK Meny
Normal

Fleire aktivitetar og fleire deltakarar enn før

Denne helga vert Våt Moro arrangert for tredje gang, Festivalsjef Fredrik Johan Helland ventar at fleire enn 1000 menneske vil ta turen til kystbyen for å more seg i det våte elementet.

Fredrik Johan Helland

SUKSESS: Fleire aktivitetar og fleire deltakarar enn nokon gong for Våt Moro, fortel festivaldirektør Det kunne ikkje gått utan 150 frivillige som stod på døgnet rundt,

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Dei neste dagane vert det mykje våt moro! Både i byen og i områda rundt, seier Helland.

Festivalen som tilbyr sportslege opplevingar knytt til fjord og fjell vart i fjor kåra til årets kulturidé av Sparebankstifting.

– Dette er noko for folk flest. Vi skal utnytte naturen. Vi skal vere på sjøen med båtar, med vasscooterar og med flyboard; vi skal vere i lufta med paragliding og fallskjermhopp; vi skal på fjellturar og vi skal til Stadt på surfing, seier Helland.

Har selt fleire billettar enn nokon gong

Påstanden om at det er noko for dei fleste får støtte om ein ser på interessa. I år er det ny rekord på billettar selde på førehand.

– Fleire skjønar at skal dei få med seg dette, og få med seg dei aktivitetane dei vil, er det no dei må kome. Ikkje rett før turen går.

– Men det kan vere litt dyrt?

– Enkelte aktivitetar kostar ein del. For dei som er i lufta og det som har stor fart, er det ein del krav til tryggleik og utstyr. Det er kostbart både å kjøpe inn og drifte. Samstundes er dei aktivitetane som kostar mest, dei ein verkeleg sit att med opplevingar og minner etter, seier Helland.

– Kva er mest populært?

– Det er mange. Havkajakk og tur på Hornelen er utselde. Det fyller seg opp på surfing på Stadt, og havrafting er generelt veldig mange interessert i. I år har vi også merka stor interesse for båtførarkurs, seier festivalsjefen.

– Folk var litt redde og skeptiske

Flyboard fungerer slik at ein slange er festa på eit lite brett og kopla til ein vasscooter. Når scooteren vert kopla til kjem det eit enormt vasstrykk gjennom slangen. Då letter brettet, og du, opp av vatnet, og kan kome så høgt som ti meter!

– Det krevst litt trening. Men vi gir gode instruksjonar til dei som kjem og dei fleste kjem seg opp innan dei 20 minuttane vi køyrer dei, seier Frank Robert Klakegg.

Han jobbar på festivalen og køyrer sjølv flyboard. Flyboard har vore med alle tre åra, og er ein aktivitet som har vorte meir og meir populær.

– Det første året var folk litt skeptiske og litt redde, men i fjor var det mange, og i år reknar vi med det vert fullbooka.

– Kan det vere farleg eller vondt?

– Det kan vere det, om ein går heilt opp til 10 meter slik denne kan. Vi kjem aldri til å gjere det. Vi køyrer maks eit par meter, med hjelm og redningsvest. Risikoen er minimal.

SJÅ KLAKEGG KØYRE FLYBOARD:

Frank Robert Klakegg køyrer flyboard under festivalen Våt Moro i Florø

Foto: Kjellrun Lavik.

150 i innsats for suksess

Totalt er det 150 frivillige med denne helga. Dei heklar luer, står vakt, køyrer båt, driv med marknadsføring og mykje, mykje meir.

Mari Hillersøy jobbar med reklame for aktivitetskveldane. Med klassisk festivalutstyr, gule pappark og svarte sprittusjar, er ho ein av rundt 150 frivillige som jobbar hardt for at festivalen skal verte ein suksess.

Mange vil vel spørje seg kvifor nokon jobbar døgnet rundt og gratis ei heil helg.

– Det er veldig sosialt og kjekt. I tillegg er vel vi Florø-folk veldig patriotiske, så vi likar å gi noko tilbake til heimbyen vår. Vi får fokus på den fine skjergarden og flotte fjell. Vi er stolte og vil vise det til folk, forklarar Hillersøy.

– Får du prøve noko sjølv eller vert det berre jobbing?

– Det blir nok berre jobbing. Det er mykje eg kunne tenkt meg å prøve, men slik er det. Eg må ha fokus på at andre for vere med, og får prøvd det dei vil.

Hillersøy fortel at dei frivillige får eit eigarforhold til festivalen, og at det er kjekt å vere med å skape noko.

– Dette går berre éin veg

Og festivalsjefen seier frivillige er viktige for festivalen. Mange har vore med heile vegen.

– Akkurat no føler vi at vi har full kontroll. Det er tredje året, med same gjengen som er med, så akkurat no føler vi at vi har full kontroll, seier festivalsjefen.

– Korleis har festivalen utvikla seg desse åra?

– Det har gått veldig bra desse åra. Vi har blitt ein festival som har mange deltakarar, både på arrangementa på dagtid og ikkje minst på kvelden. Vi har vakse både i talet på publikum og aktivitetar.

Han seier dei er stolte av festivalen, som ikkje berre trekker til seg fjordfolk men tilreisande frå heile landet.

– Omsetnaden har auka, dette går berre ein veg, og det er oppover og det er vi veldig nøgde med.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast