NRK Meny
Normal

Stor suksess for filmen «Hevn» i Canada

Eitt halvt år etter at «Hevn» blei spelt inn i Fjærland har den no funne vegen til Canada. Fleire canadiarar har no planlagt sitt neste reisemål.

Innspeling av filmen Hevn i Fjærland

FLEIRE LOKALE SKODESPELARAR: Då Hevn vart spelt inn i Fjærland var det fire lokale skodespelarar med. I tillegg har Thea Hjelmeland frå Førde komponert musikken.

Foto: Håvard Nesbø

Fredag kveld var det nemleg premiere på filmen i Canada sin mest folkerike by, Toronto.

Filmen er nemleg det første samarbeidsproduksjonen mellom Norge og Canada innan film, på 16 år. Mykje av etterproduksjonen vart gjort i Toronto, og det var difor naturleg å sleppe filmen også der.

– Det var ei veldig fin mottaking. Det er ikkje til å kome unna at filmen ser ganske eksotisk ut for folk i utlandet. Folk er begeistra for det norske landskapet og dei flotte fjordane som er så framståande i filmen, seier regissør Kjersti Steinsbø.

Måtte konkurrere med basketball

Filmen vart spelt inn i Fjærland og på Mundal hotell sommaren 2014, og er inspirert av Ingvar Ambjørnsen sin roman «Dukken i taket».

I slutten av oktober i fjor hadde filmen premiere i Førde. Fredag var det Canada og Toronto sin tur, og det var ein nesten fullsett sal.

– Her borte var det nesten tretti grader i går og ein veldig viktig basketballkamp som vi konkurrerte litt med, men det var godt frammøte, så vi var veldig nøgd, seier Steinsbø og ler.

Regissør Kjersti Steinsbø

FRÅ FYLKET TIL VERDA: Regissør Kjersti Steinsbø på fjellet Heimste Gretta ovanfor Fjærland under innspeling.

Foto: Håvard Nesbø

Men det var ikkje berre naturen som fascinerte canadiarane.

– Filmen har ein tematikk som tydelegvis engasjerer uansett kor du kjem frå, altså dette med misbruk av unge jenter. Vi står fram som eit veldig velfungerande land, men denne filmen tek føre seg noko som ikkje er så hyggeleg. Eg trur dei synest det er litt spennande å sjå på dei meir mørke sidene ved Skandinavia, seier regissøren.

Vil ta den til andre land

Filmen skal synast fram i Toronto heile denne veka, før det i første omgang skal setjast opp framsyning i fem andre byar i landet. Det kan bety fleire canadiske turistar i Norge og i Sogn og Fjordane.

– Det er veldig mange som får lyst å reise til landet. Det er god reklame for Norge, og dei er veldig opptekne av kor i Norge det er filma, for der har dei lyst å reise til neste gong dei skal velje ferieland.

Steinsbø har ikkje tala på kor mange som har sett «Hemn» i Norge, men ho seier den er lasta mykje ned frå nettet. No er planen å prøve å få filmen til endå fleire land.

– Den har vore på ein del festivalar, og forhåpentlegvis skal den på fleire. Og så håpar vi også på at den kan bli sett opp i fleire land. Det er noko som blir jobba med frå distributørane både i Canada og Norge.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.