Hopp til innhold

deLillos fekk opp stemninga på Balejazz: – Godt å vere tilbake

BALESTRAND (NRK): Stor stemning på Balejazz i år og mykje folk. deLillos avslutta kvelden med ein energisk og spennande midnattskonsert, med gamle og nye låtar.

deLillos etter konserten på Balejazz

ETTER KONSERTEN: deLillos kjende seg glade både under konserten og etter konserten. Dei kjende at publikum var imøtekomande og følte seg sett pris på. Frå venstre: Lars Lundevall, Øystein Paasche, Lars Lillo-Stenberg og Lars Fredrik Beckstrøm.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Eit av høgdepunkta på festivalen for mange, var fredagens midnattskonsert med deLillos.

Kviknesalen var so godt som full, og yngre og eldre tilskodarar dansa og song med på mange av songane til det folkekjære bandet.

– Iherdige musikantar

deLillos i Kviknesalen i Balestrand

STOR STEMNING: deLillos vart klappa inn att av publikum då konserten var slutt etter nærare to timar. Til sist heldt dei konserten gåande til litt over klokka to om natta, og slagerar som "Suser avgårde" og "Neste sommer" kom som perler på snor.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

"Neste sommer" var eit av ekstranummera i den om lag to timar lange konserten, og eit ekstatisk publikum song med i allsong, slik dei også gjorde i mange av dei mest kjende refrenga og strofene frå andre gamle songar.

– Det var veldig god lyd i Kviknesalen, og publikum var imøtekomande, og alt dette gjorde det inspirerande å kome hit og spele, seier frontfigur Lars Lillo-Stenberg.

Lillo-Stenberg seier at sidan dei kjende seg so godt imottekne, so følte dei at det var greitt å spele ein del nye låtar også. Og dei nye songane vart svært godt mottekne av publikum. Bandet er glade for at dei fekk halde ein lang og fin konsert der dei fekk synt fram breidda si.

– Vi hadde ein vakker køyretur frå Førde, og Balestrand viste seg fram som ein fantastisk stad i kveld, og vi set pris på dette vakre hotellet i Balestrand, seier Lillo-Stenberg.

– Kjekt å kome og spele konsertar på små stader:

deLillos på scenen på Balejazz

LARS LILLO-STENBERG BAK SYNTEN: Stundom akkompagnerer Lars Lillo-Stenberg songen sin til synt, og stundom til gitar. Til høgre Lars Fredrik Beckstrøm på bass, og Øystein Paasche bak trommene. Lengst til venstre elgitarist Lars Lundevall

Foto: Snorre Sandemose / NRK

– Det å kome til stader som innbyggjarmessig ikkje er so svære, men so kjenne at det finst eit breitt og fint publikum der, er svært tilfredsstillande. Sist vi var her var i 2009, og det var fint å kome tilbake i dag. So Balestrand er ein skikkeleg flott deLillos-stad, seier Lillo-Stenberg.

På scena improviserte frontfiguren festleg, som då han i ein av dei nye songane frå albumet «La oss bli fri for all nostalgi» bytte ut Tvedestrand med Balestrand.

deLillos på Balejazz
Foto: Snorre Sandemose / NRK