Hopp til innhold

Stor stein rasa ned i vegen i Gulen

Fv 57 er stengt ved Halsvik i Gulen etter at ein stor stein rasa ned i vegen. Ein bilist tipsa politiet om at steinen skal vere like stor som ein personbil. Det skal òg vere ein annan stein like ovanfor vegen som kan vere ustabil. Det er enno ikkje sikkert når vegen kan opnast igjen.