Hopp til innhold

Vogntogsjåfør nær teken av steinras: – Eg var veldig heldig

E39 var stengt i fleire timar etter at steinar rasa ned frå fjellsida mellom Sandane og Byrkjelo. Ein vogntogsjåfør hamna midt i raset.

E39 ras

HAKK I VEGEN: Denne steinen gjorde at E39 var stengt måndag kveld.

Foto: NRK-TIPSAR

– Eg var heldig og det var dei i bilen framfor også. Veldig, heldig, Seier Geir Gjertsen. Han var berre nokre meter frå å verte treft av steinblokken som brasa ned mellom breimsfjelltunnelane måndag kveld.

Det var Bergens Tidende som først omtalte opplevingane til vogntogsjåføren.

Hamna mellom to bilar

På ein langtransport-tur mellom Kristiansund og Bergen vart Gjertsen vitne til ein svært skremmande oppleving.

– Like før Breimsfjell 2-tunnelen hadde eg ein personbil framfor meg. Så såg eg opp mot fjellsida og der kom ein ganske stor steinblokk susande nedover.

Geir Gjertsen

NÆRE PÅ: Vogntogsjåfør Geir Gjertsen var berre ein meter unna å verte treft av steinen som rasa ned i vegen mellom Breimsfjelltunnelane måndag kveld.

Foto: Privat

Gjertsen fortel at han hadde ein personbil framfor seg på vegen då steinen kom dalande.

– Steinen trefte i motgåande køyrebane mellom meg og den andre bilen, før den trilla ut av vegbana. Den var vel ein meter frå vogntoget, seier han.

Skaka

Gjertsen, som sjølv har vore vogntogsjåfør i 39 år, opplevde hendinga som ubehageleg.

– Eg har sett mykje rart på vegen opp gjennom åra, men dette sette ein støkk i meg, seier han.

Dette biletet syner holet i vegen

STORT HOL: Dette biletet syner holet frå steinen som traff vegen.

Foto: Claus Guttesen


No håpar han myndigheitene tek tak for å betre køyreforholda langs norske vegar, ettersom at klimaet vert tøffare.

– Nokon må ta ansvar og betre vegane våre. For ein som køyrer 100 000 km i året, må eg sei at eg ikkje liker denne utviklinga.