Hopp til innhold

Her har steinen dundra ned i vegbana

Ein stor stein har søndag ettermiddag rasa ned på fylkesveg 609 ved Heilevang mellom Førde og Askvoll. Vegen vil bli opna att så snart steinen er fjerna.

Stor stein på fylkesveg 609 Heilevang

STOR STEIN: Steinen har lagt seg fint til rette midt i vegbana på fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll i området ved Heilevang.

Foto: NRK-tipsar

SISTE: Klokka 15.25 melder Vegtrafikksentralen at vegen vil bli rydda så snart det er maskiner på plass på staden. Personbilar blir losa forbi på staden også no. Vidare vil byggherrevakta frå Statens vegvesen kome til staden for å vurdere eventuell vidare stenging, dersom det er fare for at det kan kome ned meir.

Køyrde forbi steinen

Meldinga om steinen i vegbana kom klokka 14.15. Det regna søndag ettermiddag tidvis kraftig i området.

Ved Vegtrafikksentralen i Lærdal fekk dei tidleg melding om at fleire bilar hadde køyrd forbi staden. Dette likar vakthavande Jan Erikstad svært dårleg.

– Eg vil rå folk til å ikkje køyre forbi her. Av erfaring veit vi at det ofte kjem ned meir når det kjem ned slike steinar, dette kan vere forvarselet på at det kjem meir, sa han til NRK.no like over klokka 14.30.

Han hadde då varsla entreprenøren som var på veg til staden.

– Vi må undersøke staden før vi vil sleppe trafikken forbi her.

Kjent rasområde

Kor vidt det blir aktuelt med ein geolog til staden er førebels uvisst, då ein først må finne ut kor høgt oppe i fjellet steinen kjem frå, sa Erikstad til NRK.no klokka 14.30. Det var då uvisst kor lenge vegen ville vere stengd.

Vegen vart ikkje fysisk stengd med skilt eller bom, men Erikstad oppmoda folk på det sterkaste om å ikkje køyre inn i området før entrepenøren var komen fram.

Området ved Heilevang er velkjent for mange ras, og ei lokal aksjonsgruppe jobbar for å få tunnel forbi staden. Fleire gonger har det vore nære på at bilar har blitt trefte av stein og rasmassar i området. I 2010 vart ein bil sopa på fjorden i same området, men mannen i bilen kom frå det utan skader.