Hopp til innhold

Stor stas å få Tysklands-proffen heim

VIK (NRK): Mange norske bygder er stolte av idrettsheltane sine. I Vik gjorde Gustav Valsvik den årvisse grendecupen i romjula endå meir prestisjefull.

Gustav Valsvik deler ut premiar under Grendacupen i Vik

CELEBER PREMIEUTDELAR: Gustav Valsvik delte ut premiane under romjulsturneringa i heimbygda, her til Elisabeth F. Fosse (f.v.), Marit Wold, Ida Myrkaskog, Vigdis Irene J. Hove, Linda Svendsen, Guro Myrkaskog og Hild Berglund.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Dag Einar Bøtun

UTRULEG KULT AT HAN ER MED: – Samstundes kjenner dei fleste av oss Gustav godt, og for oss er Gustav berre Gustav, seier Dag Einar Bøtun.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg måtte berre skåra eitt mål på Gustav.

Dag Einar Bøtun smiler breitt etter å ha tukta laget til fotballproff Gustav Valsvik under den årvisse romjulsturneringa mellom grendene i Vik kommune.

For nokre er grendecupen viktigare enn sjølve julekvelden. Mykje prestisje står på spel, og i år kanskje ekstra mykje. For på det eine laget står ein tidlegare Sogndal- og Strømsgodset-spelar i mål.

Det siste halve året har Valsvik spelt på Eintracht Braunschweig, topplaget i tysk andredivisjon. Men no er det juleferie, og ute på parketten kjem kompisen Bøtun mot målet, som Valsvik vaktar:

– Det var herleg å vinna - og å skåra på ein Tysklands-proff, smiler Bøtun.

– Utruleg kult

Mange norske bygder har fått idrettsheltane sine heim i jula. Bøtun tykkjer det er stas at Vik har ein utanlandsproff, som òg blir med på grendecupen.

– Når eg fer tilbake til Norges idrettshøgskule etter nyttår, blir dette sjølvsagt noko eg fortel til kompisane der, for eigentleg er det utruleg kult, seier 24-åringen.

Vegard Halset og Gustav Valsvik

TALENTET OG PROFFEN: – Eg har lyst å koma like langt som Gustav, så å få trena med han er veldig motiverande, seier Vegard Halset om sambygdingen Gustav Valsvik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Denne romjulsdagen kan dei mange på tribunen sjå eit anna nytt fotballhåp. Yngstemann i turneringa er han som har dei finaste vendingane og slår dei lekraste pasningane:

14 år gamle Vegard Halset har også fått trena saman med Valsvik denne jula. Det er ganske stort for ein ung kretslagsspelar:

– Han er proff i Tyskland, så det er skikkeleg kjekt.

Frode Valsvik

TETT OPPFØLGING: Far Frode Valsvik, her som dommar på grendecupen, har lagt ned eit stort arbeid for sonen Gustav og fotballen i Vik.

Attmed Halset står ein ni år eldre – og ein nesten halvmeter høgare – kar med 54 aldersbestemte landskampar. Men Valsvik har vore der Halset er no, der fotballsparkinga åleine og med kompisane på laget betyr nesten alt.

– Kjempedeilig å koma heim

Og nettopp kontakten med barndomsvenene og familien i Vik er ikkje mindre viktig no når fotballen er blitt levebrødet.

– Det er kjempedeilig å koma heim til familie, vener og til denne hallen som eg har brukt så mange timar i. Grendecupen er spesiell og alltid moro.

Valsvik har òg vore på a-lagstreningane til Vik denne jula, og der har temperaturen stige til gamle høgder:

– Den fyrste økta var roleg, men i den andre kom det meir og meir, med kjefting og smelling, så trykket frå gamle lagkameratar smitta over på meg, smiler Valsvik.

Robert Hovland, Gustav Valsvik, Marius Valsvik

ER BERRE GUSTAV FRAMLEIS: - Det er viktig å ha vener som ser meg for den eg er, slik at eg kan koma heim og vera meg sjølv, seier Gustav Valsvik, her saman med syskenbarnet Robert Hovland (t.v.) og broren Marius Valsvik (t.h.)

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Juleønsket for 2017

Grendecupen er over, og Valsvik skal dela ut premiane til vinnarlaga. Medan tidlegare klassekameratar og vener gler seg over eit signert fotballkort, eit handtrykk og ein smil frå Tysklands-proffen, har yngstemann Vegard Halset allereie eitt ønske klart til Valsvik for neste jul:

– Å få trena med han att. Det har vore skikkeleg gøy, så eg håpar han kjem tilbake då.