Hopp til innhold

No er søknadsfristen ute - rektorane er spente på korleis tala vert

I helga gjekk søknadsfristen for vidaregåande skular ut, og mange skular i fylket er ekstra spente på søkjartala i år.

Søkjartala til vidaregåande skular er klare

KOR SØKJER DEI? Det er knytt stor spenning til søkjartala for dei vidaregåande skulane i fylket etter omleggingane.

Foto: Scanpix/Hydro/NRK

Fylket har siste året vore igjennom ein heftig debatt om framtida for dei ulike skulane, og mange skular har fått endra tilbod.

Ein av dei som var truga, men overlevde med eit noko redusert studietilbod var Høyanger, og rektor Torill Thorbjørnsen vedgår at ho er spent.

– Vi håpar jo på at vi skal få fylt opp. Vi er mest spente på om vi ser nokon effekt av endringane, seier rektor ved Høyanger vidaregåande skule, Torill Thorbjørnsen.

Mista noko og fekk noko

Høyanger, som er ein av dei minste skulane i fylket, mista tilbodet i helsefag. No er rektor spent på om det får jentene til å velje nytt.

– Uansett korleis ein ser det, så er det flest jenter som søkjer på helse og oppvekst. Det blir spennande å sjå om dei søkjer studiespesialisering i staden, seier Thorbjørnsen.

Stryn var også nedleggingstruga, men også dei fekk halde fram. Dei mista nokre utdanningsprogram men fekk også eit nytt – og rektor Kirsti Horne er mest spent på søkinga til dette.

– Det er primærsøkjartala for det nye utdanningsprogrammet vårt service og samferdsel på VG1, og sal, service og sikkerheit på VG2 og transport og logistikk. Det er utdanningsprogram som vi ikkje tidlegare har hatt på VG1, så det er dét det er knytt mest spenning til, seier Horne.

Har skapt positive synergiar

Skuledebatten sist år skapte sterkt engasjementet i nærmiljøa til alle skulane, og rektor Torill Thorbjørnsen i Høyanger håpar det slår ut i søkjartala.

– Eg håpar dei som bur i vårt område søkjer her på dei programområda som vi har. Det er klart at viss det er andre programområde dei ønskjer, så må dei jo søkje på andre skular. Men vi håpar at både foreldre og rådgjevarar har litt trykk på at dei søkjer her, seier Thorbjørnsen.

Rektor Kirsti Horne, Stryn vidaregåande skule

POSITIVT: Rektor Kirsti Horne ved Stryn vidaregåande skule tykkjer omstillingane har vore positive for skulen.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Kirsti Horne i Stryn er også spent på korleis det store engasjementet tidlegare i år no slår ut, men ho er overtydd om at omstillinga dei har vore igjennom ved skulen, har hatt positive sider.

– Omstillingsprosessen som vi har vore med på no, har skapt veldig positive synergiar. Folk er engasjerte, dei er opptekne av at vi skal ha kvalitet, og at dette kan føre til noko positivt. Og det tykkjer eg faktisk at det har gjort. Engasjementet er på topp, seier Horne.

Har aldri vore så spennande før

Også leiar av hovudutval for opplæring, Norvall Nøringset trur ein i år kan lese litt ut av søkjartala litt av det engasjementet som har vore rundt mange skular dette året.

– Det undrar meg mykje viss det ikkje gjer det, seier Nøringset.

Han peikar på at det er veldig viktig for mange lokalmiljø å halde på dei utdanningstilboda som er der, mellom anna for at dei unge skal sleppe å flytte på hybel allereie som 15-åringar.

Norvall Nøringset

SPENT: Leiar av hovudutval for opplæring, Norvall Nøringset, er svært spent på korleis søkjartala vert.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Næringslivet stiller også sine krav, så dette vert ei problemstilling som vi kjem til å møte for fullt utover heile våren og framover til skulestart, seier Nøringset.

– Er det meir spennande i år enn tidlegare år?

– Elevtalet går ned etter kvart, så dette vert endå meir spennande neste år og neste år etter det. Det er meir spennande i år, enn det nokon gong har vore så lenge eg har vore med i opplæringsutvalet, seier Nøringset.