Hopp til innhold

Stor spenning på Lægreidspuben

SOGNDAL (NRK) – Bergar dei plassen, blir det fest. Gjer dei ikkje det, blir det gravferdsstemning, seier Per Flatane.

Per Flatane

SPENT: Per Flatane (nummer to f.v.) var spent og nervøs då kampen mellom Ranheim og Sogndal starta.

Foto: Linda Watten / NRK

Nervøse Sogndal-supporterar sit på Lægreidspuben i Sogndal og følger spent med på returoppgjeret Ranheim-Sogndal i Trondheim.

Minst åtte skjermar viser kampen. Men då kampen starta klokka 18.00, var ikkje puben full. Likevel hadde nokre teke vegen. Nokon i dress. Andre med supporterskjorta på.

Ein av dei sistnemnde var Per Flatane.

– No er eg spent. Spenninga er til å ta og føla på her.

Han viker ikkje blikket frå TV-en medan han blir intervjua av NRK.

– Det har vore ei heilt spesiell veka. Det har vore nervar tida, sidan før Vålerenga-kampen førre helg og fram til at det skal avklarast i dag, seier Flatane.

Synleg nervøs

Han var både på heimekampen mot Vålerenga søndag og første kvalifiseringskampen på Fosshaugane onsdag. Og er merkbart nervøs, noko han gjerne vedgår.

– Men eg har ein litt god følelse i dag. Får håpe det slår til, slik at vi greier å berge plassen, seier Flatane.

– Kva skjer på puben i kveld om Sogndal bergar plassen?

– Det kan du tenkje deg sjølv. Det blir full fest, sjølvsagt. Går det dit vi ikkje håpar, blir det vel gravferdsstemning. Då trur eg det blir fort tomt i lokalet. Folk vil gå heim og tykkje synd i seg sjølv, seier Flatane.

Spenning på Lægreidspuben

FØLGER MED: Frode Njøs (t.h.) stilte i dress. Leiar for supporterklubben Saftkokarad'n, Vidar Vadseth, t.v.

Foto: Linda Watten / NRK

I dress

Ein av dei som stiller i dress, er Frode Njøs

– Vi skal ut etterpå, difor dressen. Men vi håpar verkeleg vi har noko å feire etterpå, seier Njøs.

Han frykta 0-1, for Sogndal låg lågt på bana då han vart intervjua.

– Blir du skuffa om Sogndal må ned?

– Nei, eg skal ta det med fatning. Eg har vore med på dette før. Men det hadde vore kjekt om dei vann. Då hadde det blitt ekstra kjekt på fest i kveld, seier Njøs.

Nervøs leiar

Også supporterleiar Vidar Vadseth var nervøs.

– Nervane heng utanpå. Veka har vore forferdeleg. Det er hardt å vere fotballsupporter, smiler han.

Før første omgang var over, karakteriserte han kampen som dårleg og rotete.

– Alt kan skje. Men eg håpar dei klarar det. Vinn dei, blir det låge skuldrer og kvilepuls. Det har eg ikkje hatt på over ei veke.