Hopp til innhold

Stor snøskredfare i Sogn og Fjordane torsdag

NVE Snøskredvarslinga sende no ut varsel om stor snøskredfare, faregrad fire, i Sogn og Fjordane torsdag 15. januar.

Snøskred

STOR SNØSKREDFARE: Kombinasjonen av mykje snø og vindauke frå ein ny retning fører til stor snøskredfare i Sogn og Fjordane.

Foto: NGI

– Årsaka er at det er meldt kraftig vindauke torsdag frå ein ny retning, det kombinert med at det har kome mykje snø fører til at det bygger seg opp rasfarlege snøskavlar, seier snøskredvarslar Birgit Rustad.

Faregrad fire er det neste høgste på skalaen for snøskredfare. Det betyr at små og middels store skred kan losne naturleg, men og utløysast av skiløparar.

Dei store snømengdene har også ført til stor snøskredfare i Hordaland og Sogn og Fjordane.
NVE vurderer faren til nest høgaste nivå på sin skala. Då skal det lite til for å utøysa eit ras.

– Med faregrad fire så er det såpass utsett at vi rår folk til å unngå alt snøskredterreng, det vil seie terrenget som er brattare enn 30 grader. Folk bør og unngå utløpssoner for skred.

I låglandet, der nedbøren kjem som regn på snødekt terreng, er det mogleg med våte flaksskred som går av seg sjølv. Stort snøfall kan og resultere i store snøskred som kan nå veg og busetnad.

Varsel med faregrad fire kjem ofte ved vintrar der ein har mykje variabelt vêr.

IKKE BRUK

UNNGÅ SKREDTERRENG: Snøkredvarslar Birgit Rustad ved snøskredvarslinga åtvarar mot stor snøskredfare i Sogn og Fjordane torsdag.

Foto: Håvard Nesbø

– Dette er ein svært alvorleg situasjon fordi vi ventar at det kan gå fleire naturleg utløyste skred. Einskilde vegstrekkjer kan vere utsette og det skal mykje til for å kunne ferdast trygt, fordi ein må unngå alt skredterreng.