Snømengda ved sommarskisenteret gjer at rasfaren er stor. Foto: Jamel Hayek Rake
Laurdag gjekk det eit ras over vegen like ved Stryn Sommarski. Raset vart løyst ut av ein snøbrettkøyrar. Sidan det var så nær senteret tok dei ingen sjansar og gjennomførte eit fullt søk gjennom raset. Fleire hundre frivillige og tre lavinehundar deltok i søket.
Torde ikkje opne søndag
Heldigvis vart ingen tekne av raset, men likevel torde ikkje Stryn Sommarski å opne søndag. Det seier driftsansvarleg Rolf Olav Flo.
Opna måndag
Riksvegen mellom Videsæter og sommerskisenteret på Strynefjellet vart opna att måndag. Men vegen er nattestengd frå kl 17.00 til 09.00, melder Statens Vegvesen. Dette betyr også at skianlegget Stryn Sommarski opnar heisane. Men driftsansvarleg Rolf Olav Flo seier at breheisane er stengde på grunn av dårleg ver og dermed dårleg sikt.
Brøytekantar på 9-10 meter. Foto: Jamel Hayek Rake
Løyste ut nytt ras
Søndag var tilsette frå senteret i sleppområdet og løyste ut eit skred for å minske faren.
Farleg i brattheng
Men skredforskar Krister Kristensen åtvarar skiløparar i området mot å køyre i bratte heng.