Hopp til innhold

Stor skuffelse i Florø

Skuffelsen var stor på nærsjukehuset i Florø i ettermiddag. I gangen på sengeposten var både politikarar, tilsette og pasientar samla.

Sjukepleiarar og pasient ved nærsjukehuset
Foto: Astrid Gjelsvik / NRK

- Fy fasan. Eg kan ikkje tru det !

Målfrid Ottesen har ikkje ord. Ho har gått inn og ut av nærsjukehuset i ei årrekkje, og ho kan ikkje få fullrost det. Ottesen klarar ikkje å ta inn over seg at departementet i dag gjekk med på nedlegging av sengeposten.

- Måtte lese det fleire gonger

Signe Nordvik

Signe Nordvik

Foto: Astrid Gjelsvik / NRK

- Eg er veldig skuffa. Eg måtte faktisk lese det fleire gonger før eg skjønte at drifta av sengeposten ikkje skal vidareførast, og at vi berre skal drive poliklinikk og dagbehandling, seier avdelingsleiar Signe Norevik ved Florø sjukehus.

- Eg hadde faktisk tru på at departementet hadde sett at dette var ein framtidsretta modell for eit lokalsjukehus, legg ho til.

Sengeposten i Florø tel elleve senger - fem spesialistsenger betalt av Helse Førde og seks senger betalt av Flora kommune. Det er dei fem spesialistsengene helseføretaket ikkje vil betale for lenger, men i praksis legg dei no også ned dei seks andre.

- Eit første steg til nedlegging

Bente Frøyen Steindal

Bente Frøyen Steindal

Foto: Astrid Gjelsvik / NRK

Det var Flora-ordførar Bente Frøen Steindal som fekk beskjeden først.

- Det er forferdeleg tist, men slik er det, seier ho.

Viss Helse Førde fekk frie tøyler, hadde det vore færre pleiarar og pasientar på sjukehuset i Florø for lenge sidan. Førre nedleggingsrunde var i haust, då helseføretaket ville spare inn sju av dei 105 millionar kronene i Florø. Det ville dei gjere ved å leggje ned sengeposten der, og dei antyda at den skulle vere vekke før februar i år. Dei planane vart seinare lagde på is - til i dag.

Les Historia til nærsjukehuset

- Det betyr at no legg dei ned sengeposten, så tek dei det andre etter kvart. Slik eg ser det. Det har aldri vore vilje i Helse Førde til å drive noko som helst i Florø, seier ordføraren.

Høyr Stor skuffelse i Florø

- Høgt tal med senger

Brustad

Sylvia Brustad

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Helseminister Sylvia Brustad seier ho ikkje har funne noko grunn til å overprøve Helse Førde styret.

- Det er ikkje tvil om at Sogn og Fjordane som fylke har eit høgt antal senger i forhold til mange andre plassar i landet.

- Dessutan er ikkje føresetnaden for sengeposten lenger til stades, sidan to av kommunane som skal vere med på dette samarbeidet ikkje har vore med på ei stund, seier ho.

Brustad avviser at dette er første steg på ei nedlegging av sjukehuset i Florø

Høyr Brustad om nedlegginga av sengeposten

- Trekker seg ikkje

Clara Øberg

Clara Øberg

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, ser ikkje på dette som ein siger, men er glad for at det har kome ei avgjerd i saka.

- Men eg ser på det som ein siger for pasientane. For vi meiner den strategien som vi har lagt opp til er til det beste for pasientane, og at vi får mest mogleg helse ut frå dei kronene vi har.

Korleis påverkar denne velsigninga frå helseministeren di framtid som styreleiar i Helse Førde?

- Dette betyr at ministeren har sagt at vi er på rett veg.

Kjem du til å halde fram som styreleiar i Helse Førde etter dette ?

- Ja, eg ser ikkje noko grunn til at eg skal gå. Viss eigar ynskjer meg vidare sit eg, og viss eigar ynskjer å skifte meg ut, forheld eg meg til det.

Høyr Øberg er glad for avgjerda