Hopp til innhold

Stor skogbrannfare - Førde forbyr bålbrenning

Førde kommune har innført forbod mot all bålbrenning i terrenget fram til det kjem store mengder regn.

Bål og Bernard Øberg

SEIER NEI TIL BÅL: Bernard Øberg er brannsjef i Førde

Foto: Kamilla Pedersen/Asgeir Reksnes

– Det vert ikkje gjort ny vurdering av bålforbodet før etter 17. mai, seier brannsjef i Førde, Bernhard Øberg.

På bakgrunn av vinden og det turre vêret som har vore ei tid, fryktar brannsjefen i Førde at tradisjonell bråtebrenning skal kunne føre til ein større brann

– Eg vil seie at brannfaren er rimeleg stor, på bakgrunn av det fine vêret vi har hatt, så har det byrja å bli svært turt i bakken. Når vi no går inn i pinsehelga, er dette bålforbodet, eit forsøk på å bremse folk si lyst til å drive med bålbrenning.

Han seier dei i utgangspunktet ikkje kjem til å springe etter dei som lagar seg eit lite bål for å koke kaffi.

– Vi er ute etter dei som lagar større bål for å brenne bråte og hageavfall. Då kan det ende i politimelding og krav om at dei må dekke utgiftene som brannvesenet får med utrykking.

Øberg seier det må kome mykje nedbør, før det er aktuelt å oppheve bålforbodet.

– På langtidsvarselet ser eg det skal kome nokre små periodar med regn, men det må kome mykje meir regn enn før vi opphevar bålforbodet.