Hopp til innhold

Stor rift om julehefta

Dei klassiske juleheftene er framleis ein stor juletradisjon. Mykje fordi dei er politisk ukorrekte, meiner sjefsredaktør.

Asgeir Holsen

SEL UT: Asgeir Holsen på Narvesen i Førde stadfestar at det er rift om dei klassiske juleheftene.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

Tradisjon tru er dei norske julehefta no ute i butikkane. Og nokon av dei er så ettertrakta at dei knapt er plassert i hylla før dei er borte att.

– «Tuss og Troll» er vi til dømes utseld for, diverre. Den er det mange som traktar etter, seier Asgeir Holsen på Narvesen i Førde.

Klassikarane sel best

«Tuss og Troll» er av dei som har vore problematisk å få tak i år, nettopp fordi det er så populært. Allereie no er det tomt i hylla til Holsen.

– Det er dei gode gamle klassikarane som sel mest i førjulstida. Det er dei folk aller helst vil ha, fortel han, og siktar til det utselde bladet.

(artikkelen held fram under biletet)

Julehefte

I HOPETAL: I Norge kjem det ut rundt 70 ulike julehefte kvart år.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

– Ein del av oppveksten

Dei gamle klassiske juleheftene ser aldri ut til å dø.

«91 Stomperud», «Fiinbeck og Fia», og «Knoll og Tott» er døme på dei ein forventar å finne i butikkhyllene når jula nærmar seg.

Grunnen til at dei lev enno er at dei har ei stor fanskare hos dei godt voksne, trur Holsen.

– Det har noko med dei gamle tradisjonane som jula handlar om. Folk har hatt det med seg under oppveksten, fortel han.

– Det politisk ukorrekte fascinerer

Julehefte

I HYLLA: Eit utval av årets julehefte.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

Sjefsredaktør i Egmont, Svein Erik Sørland, har ingen enkel forklaring på kvifor heftene er så populære.

- Eit rituale som bare har blitt sånn. Det er alltid ei gammal tante som har dadlar eller trekanta rosiner også. Det blir ikkje jul utan, fortel han.

At heftene representerer ei politisk ukorrekt verd fascinerer folk meiner han.

- Det er fortsatt morosamt å lese at Knoll og Tott legg dynamittkubbar under gyngestolen til dei gamle, eller at Fiinbeck kjem heim med ein eller annan full «lassis», seier Sørland.

Dei yngre kjøper andre blad

Irene Rusken Bjørnvik er ein kunde som kan bekrefte at dei klassiske heftene enno er populære. Ho har plukka ut Smørbukk og Vangsgutane frå bladhylla på Narvesen i Førde.

– Desse er til meg og mannen min. Eg har ein son på 10 år, men han er ikkje så interessert, fortel ho.

(artikkelen held fram under biletet)

Irene Rusken Bjørvik

KJØPER KLASSISK: Irene Rusken Bjørvik kjøper klassiske julehefte.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

Bak disken står Holsen klar for å ta betalt. Sjølv er han av generasjonen som kjøper dei nyare heftene, men er også open for dei «eldre».

– For min del blir det «Pondus» og «Eon» i år, men eg har og bestemt meg for å prøve «Jens von Bustenskjold», seier han.

Sparar til jul

Men både Rusken Bjørnvik og Holsen til felles at heftene ikkje skal lesast med ein gong dei er i hus.

– Det kan vere freistande, men det gjer eg ikkje, seier Holsen.

Teikneseriane høyrer nemleg jula til.

– Eg sparar på det. På lille julafta er det greit å starte. Det er eg fast bestemt på, og trur andre meiner det same, fortel han.