NRK Meny
Normal

Stor rasfare og mange stengde vegar

Ei rekkje vegar i fylket er stengde på grunn av ras eller rasfare. Mildare vêr aukar rasfaren, åtvarar vegtrafikksentralen.

Magnhildskaret

HIT, MEN IKKJE LENGER: Fylkesveg 614 er i morgontimane stengd ved Magnhildskaret.

Foto: Steinar Lote / NRK

Når det lysnar skal geologar ut å sjå på dei av vegane som er stengde på grunn av rasfare. Klokka 09.00 er desse vegane stengde.

  • Riksveg 13 Vikafjellet. (Snøras og fare for ras). Blir ikkje opna onsdag.
  • Fylkesveg 55 Dragsvik – Esefjorden (snøras). Blir ikkje opna onsdag.
  • Fylkesveg 93 Heldalsheia (snøras).
  • Fylkesveg 152 Alstokka (rasfare). Blir ikkje opna onsdag.
  • Fylkesveg 241 Bakka (snøras). Blir ikkje opna onsdag.
  • Fylkesveg 337 Veitastrondi (rasfare).
  • Fylkesveg 614 Magnhildskaret (rasfare). Vegen er no open.

For oppdatert informasjon kan du sjekke NRK Trafikk eller Statens vegvesen sine nettsider.

Fleire vegar opna for trafikk

Fylkesveg 614 har er no open for trafikk, etter å ha vore stengd ved Magnhildskaret i natt og fram til klokka 09. Dette er vegen som koplar Svelgen til Førde og Florø.

– Den vurderte me som sopass rasfarleg at me ville stengje i natt, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen.

Klokka 07.30 kom det inn melding om at fylkesveg 57 var stengd eit par kilometer sør for Undaltunnelen i Gulen, på grunn av eit jord- og steinras. Den er no open.

Mildare og større rasfare

– Det blir mykje vind og nedbør i dag. Utover ettermiddagen det kome inn ein kaldfront som gir meir byevêr. Men det blir framleis grått og byer, seier statsmeteorolog Marit Funnemark.

Dette aukar rasfaren, seier Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen.

– Det har vorte mykje mildare, og då er det overhengande fare for ras. Alle stadane det er stengd på grunn av rasfare skal folk ut å sjekke så snart det lysnar, for å vurdere om det kan opnast.

Elles oppmodar han folk om å følgje med.

– Det er isnedfall her og der, så folk me vere observante når dei er ute og køyrer. Det kan ligge is som har kalva ned frå fjellsida enkelte stader.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.