Trur Vågå-saka har trigga fleire til å søkje hjelp for seksuelle overgrep

Senteret for incest og seksuelle overgrep i Sogn og Fjordane har opplevd overraskande stor pågang sidan opninga. Saka mot den overgrepstiltalte ordføraren i Vågå skal ifølgje leiinga ha trigga fleire av brukarane til å ta kontakt.

Senter mot incest og seksuelle overgrep

SØKJER HJELP: Dei tilsette ved det nyoppretta senteret for incest og seksuelle overgrep i Sogn og Fjordane er overraska over pågangen etter berre ein månad i drift.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sogn og Fjordane har lenge vore det einaste fylket i landet utan eit tilbod for menneske som har vore utsette for incest og seksuelle overgrep. Berre ein liten månad etter opninga merkar senteret stor pågang.

Dagleg leiar, Chatrine Elholm, fortel at Vågå-saka har gjort at folk kontaktar hjelpeapparatet.

– Alle brukarane vi har hatt innom, og dei vi har snakka med på telefon, har sagt noko om denne saka.

– Dei har bestemt seg for at dei no vil ta tak i si eiga historie, og det er heilt klart at den saka har vore med å få brukarane til å ta kontakt, seier Elholm til NRK.no.

Overraska over pågangen

Det har lenge vore jobba for å få på plass eit lågterskeltilbod for alle innbyggjarane i Sogn og Fjordane som har opplevd incest eller seksuelle overgrep. I byrjinga av oktober kunne tilbodet endeleg opne. I eit heilt vanleg bustadhus i Førde kan kvinner, menn par og pårørande kome for å få hjelp eller støtte.

Bere etter vel ein månad i drift har senteret opplevd overraskande stor pågang. Chatrine Elholm som er dagleg leiar seier rettssaka mot den overgrepstiltalte ordføraren i Vågå har vore ei sterk medverkande årsak.

Om lag samtidig som senteret opna starta rettssaka mot Rune Øygard. Han er tiltalt for seksuelle overgrep mot ei mindreårig jente.

– Erfaringar vi har frå andre senter er at det har teke lang tid før brukarane tek kontakt. Vi veit at det er vanskeleg og tøft å ta det første steget, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øygard

TILTALT: Saka rundt den overgrepstiltalte rektoren i Vågå, Rune Øygard, har fått mykje merksemd den siste månaden.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Meiner openheit gjer det lettare

Det er no fire personar som kjem fast til senteret og fleire er i telefonkontakt med hjelpeapparatet. Elholm trur meir openheit i det offentlege gjer det enklare for folk å ta kontakt.

– Det er blitt så opp i dag. Det er blitt mykje fokus på dette med overgrep og vanskelege tema.

– Når folk høyrer om det så kjenner dei at dei må gjere noko med det, seier ho.

Håpar å kunne utvide tilbodet

Chatrine Elholm

OPENHEIT: Dagleg leiar ved senteret, Chatrine Elholm, trur meir openheit om seksuelle overgrep gjer det lettare for folk å ta kontakt med dei.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

No håpar dei tilsette ved senteret at endå fleire vil søkje hjelp. På den måten kan tilbodet utvidast og styrkast.

– Dei som brukar senteret kjem med tilbakemeldingar på at det kjennest godt at senteret no er på plass.

– Fleire av dei ønskjer at det skal bli fleire brukarar slik at vi kan starte opp med til dømes sjølvhjelpsgrupper. Brukarane ser fram til å møte andre som har vore utsette for liknande overgrep, eller andre pårørande, seier Elholm.