Hopp til innhold

Stor pågang på ekspressbussane

Ekspressbussane opplever eit rush av passasjerer som skulle ha reist med fly.

Ekspressbuss (arkivbilete)

Mange vil ta bussen når flya ikkje går.

Foto: NRK

All flytrafikk i Norge og store deler av Europa er lamma på grunn av oskeskyer frå vulkanutbrotet på Island. Dermed prøver mange passasjerar å komme seg fram ved hjelp av buss og tog.

Mange ville ta bussen

Peter Olav Midthun

Administrerande direktør Peter Midthun seier at pågangen har vore stor.

Foto: Firda Billag

Administrerande direktør Peter Midthun i Firda Billag seier at pågangen har vore så stor at dei har vore nøydde til å sette inn ekstra bussar mellom Oslo og Sogn og Fjordane.

– På morgonavgangen frå Oslo i dag var vi det mange fleire enn det brukar å vere. Det var 75 personar som ville vere med, så vi måtte setje opp ekstrabuss for å få med oss alle.

Av desse var det eit 20-tals personar som skulle vidare til Bergen og som først hadde prøvd seg toget. Men der var kapasiteten allareie sprengd.

Kan nå ei smertegrense

Midthun sier dei i første rekke set inn ekstra bussar på eksisterande avgangar, men at det og kan bli aktuelt med fleire avgangar. Så langt klarer dei å ta unna den ekstra trafikken, men blir problema langvarige vil også dei nå smertegrensa

– Vi kan ikkje greie å trylle fram ekstra busser utanom dei vi har. Står det 1000 personar som vil vere med bussen, har vi eit problem.