Hopp til innhold

Sogndal Fotball har begynt å kutta

SOGNDAL (NRK): Fotballklubben nedbemannar frå 14 til åtte eller ni personar i sports- og utviklingsavdelinga.

Fosshaugane Campus

SÅG MØRKT UT: Tunge regnskyer låg over Fosshaugane Campus fredag. Skyene som låg over økonomien til klubben har no begynt å letta litt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

2019 har vore eit tøft år for Sogndal Fotball. Dei styrte mot millionunderskot , og måtte ta drastiske grep. Tidleg i sommar halverte Sogndal Fotball talet på tilsette i administrasjonen , frå åtte til fire.

Då varsla Rasmus Mo, konstituert dagleg leiar, at også den sportslege avdelinga måtte bli mindre. No er dei nesten ferdige med det arbeidet.

– Me går frå 14 personar til åtte eller ni personar i sports- og utviklingsavdelinga, seier Mo.

Færre, men ...

Sjølv om dei reduserer talet på tilsette med fem eller seks personar i sports- og utviklingsavdelinga, betyr ikkje det at så mange personar faktisk mistar jobben.

– Me må sjå på organiseringa vår og kva for oppgåver som blir lagt til dei ulike stillingane. Må me ha alt i 100 prosent?, spør han retorisk.

– Er det nokon som jobbar i klubben som faktisk kjem til å mista jobben?

– Det er ein sjanse for at personar som er i systemet må ut. Det er det, seier Mo.

Rasmus Mo

SJEF: Rasmus Mo er konstituert dagleg leiar i Sogndal Fotball.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Omorganiserer

Kabalen er ikkje heilt klar endå, men organisasjonskartet byrjar å bli ferdig teikna. Kort fortalt blir det fire personar rundt A-laget og fire personar i utviklingsavdelinga.

Hovudtrenaren og sjefen for utviklingsavdelinga får kvar med seg tre personar. Men kven det blir og kva roller dei seks under får, er ein del av kabalen som enno ikkje er gått opp.

– Dei personane som no er i overskot, ser me på om me kan dela med til dømes Høgskulen på Vestlandet. Det er ein av styrkane på Campus, at det er mogleg å dela på personar, kompetansen dei har og tenestene dei leverer, seier Mo.

Tøft år

Å spara mellom 12 og 15 millionar kroner i år er det dei siktar mot.

– Det har vore knalltøft. Me har gjort brutale nedskjeringar, både økonomisk og tilsette, men det har vore naudsynt.

Han og styret jobbar mot at når dei kjem på jobb i 2020, så skal dei vera godt rigga for ei sunn drift, uavhengig om dei spelar på det øvste eller nest øvste nivået.

– Dersom me rykker opp, så blir det nok nokre justeringar fordi det er andre krav til arrangement. Men det blir ikkje masse nye jobbutlysingar. Framtida vår er å vera føreseielege, seier Mo.

Akor Jerome Adams

OPP OG NED: Akor Jerome Adams og Sogndal har hatt eit tøft år på bana også, sjølv om det har snudd i positiv retning dei siste månadane.

Foto: Christian Blom / Christian Blom