Turbulens det siste året har prega næringslivet i Sogn og Fjordane. Siste året har samla forventingsindeks falle frå 26 til 18 poeng, og forventingsindeksen ligg no nesten på same låge nivå som under finanskrisa.
Næringsbarometeret viser likevel ein oppgang sidan maimålinga, og ein positiv forventingsindeks tyder på optimistane i fylket framleis er i fleirtal.
- LES OGSÅ:
NRK.no sendte presentasjonen av næringsbarometeret direkte i nett-TV.
Sogn på botn
Tala viser òg store regionale skilnader. Lågast er optimismen i Sogn, der samla forventingsindeks ligg på berre 11 poeng. Til samanlikning er forventingsindeksen på 21 poeng i Nordfjord, som rangerer på topp.
Tøffare for byggjebransjen
Byggjenæringa er blant dei som merkar skiftande konjunkturar godt. Det syner òg Næringsbarometeret. Næringa er den einaste med fallande forventingar i 2013.
– Det er små marginar i bransjen og dei blir mindre og mindre, seier André Sunde som er dagleg leiar i Dvergsdal og Sunde.
Han er sjef for ei av dei største byggjeverksemdene i fylket. Sunde stadfestar at det er tyngre å drive næringsverksemd i dag enn for nokre år sidan, men ser likevel ikkje heilsvart på det.
– Det er til å leve med, seier han.
(Artikkelen held fram under biletet)
Optimisme i industrien
Då er optimismen sterkare i industrien. Forventingane har tatt seg kraftig opp sidan førre måling i mai, med ein auke i samla forventingsindeks frå 15 til 24 poeng. Men dette er framleis lågare enn for eit år sidan.
Tal frå Næringsbarometeret viser at éi av tre industriverksemder har petroleumsrelatert omsetnad. Fylket satsar no sterkare enn nokon gong på å dra betre nytte av dei store oljeressursane utanfor kysten.
11 prosent av desse får meir enn ein fjerdedel av omsetnaden sin frå oljenæringa.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vekst utan euroturistar
Også innanfor kultur, reiseliv og oppleving er optimismen tilbake, etter ein kraftig dipp på vårparten i fjor. Forventingsindeksen gjer eit hopp på 11 poeng frå førre måling i mai. Det er den sterkaste oppgangen av alle næringar.
– Det har vore eit veldig godt år, seier Aud Melås ved Flåmsbrygga. Tunet ved Aurlandsfjorden som omfattar både hotell, bryggjeri, restaurant og kafé, har opplevd omsetnadsauke kvar månad sidan mars.
– Dessutan har vi hatt kanskje den beste julebordssesongen nokon sinne, fortel Melås.
(Artikkelen held fram under biletet)
Fleire overnattingar
Statistikken viser òg at det jamt over har vore eit godt år. Talet på gjestedøger i perioden januar til oktober auka med 2,6 prosent samanlikna med same periode i 2011.
– Framgangen skuldast ein auke i både norske og utanlandske overnattingar, fortel Kristian Jørgensen, dagleg leiar i Fjord Norway
Men reiselivsnæringa i fylket har også merka konsekvensane av krisa i Europa.
– Eurosona har hatt ein kraftig tilbakegang. Samstundes har det kome fleire turistar frå andre land i Europa, mellom anna Danmark, Storbritannia og Polen, seier Jørgensen.
- LES OGSÅ:
Trur på nye arbeidsplassar
Det siste året har det kome dystre meldingar om arbeidsplassar som er truga av nedlegging eller permitteringar. Men utviklinga hos NorSun i Årdal, der 220 permitteringsvarsel nyleg blei trekte tilbake, gir grunn til ny optimisme. Med nye kontraktar vonar solcellefabrikanten på betre tider framover.
NAV spår ein marginal oppgang i arbeidsløysa i fylket i 2013.
Tala frå Næringsbarometeret er derimot oppløftande. 26 prosent av verksemdene ventar å auke arbeidsstokken. Berre åtte prosent fryktar dei må redusere talet på tilsette. Til saman ligg det an til 1 100 nye arbeidsplassar i fylket.
(Artikkelen held fram under biletet)
Manglar framleis fagarbeidarar
Dagleg leiar Jan Erik Skahjem i Skahjem bygg i Gulen merkar godt mangel på fagfolk.
– Om vi ikkje får nye tilsette, må vi utsetje oppdraga. Til no har vi rekruttert fagfolka våre frå regionen, men her er ikkje fleire ledige fagfolk å hente, seier han.
Skahjem er ikkje åleine. Både i byggjenæringa og fleire andre næringar er mangel på arbeidskraft ei stor utfordring. Til saman melder fire av ti verksemder i Sogn og Fjordane om rekrutteringsvanskar. Det er fagarbeidarar det er størst mangel på.
65 prosent av alle som melder om vanskar med rekrutteringa, saknar fagarbeidarar. Det er likevel færre enn for eit år sidan, då 75 prosent meldte om det same.
Oljeboomen får noko av skulda. 43 prosent av alle verksemdene melder at konkurransen om arbeidskrafta aukar som følgje av den høge aktiviteten i oljenæringa. Dette kjem i tillegg til auka lønspress, som mange verksemder i fylket slit med.