Hopp til innhold

Stor nedgang for Sogn Avis

Lokalavisa i Sogn misser abonnentane utanfor kjerneområdet.

Jan Inge Fardal
Foto: NRK

Opplagstala for avisene vert offentleggjorde i dag, og tala syner ein tilbakegang for fleire lokalaviser i Sogn og Fjordane.

Størst er tilbakegangen for Sogn Avis med ein opplagssvikt på 338. Opplaget er no på 10 085.

Ytterlegare nedgang

Redaktør Jan Inge Fardal seier dei misser lesarar utanbygds.

- Utviklinga med avskaling av abonnentar utanfor primærområdet held fram, og det er ikkje noko kjekt, seier Fardal.

Sogn Avis har om lag 1900 abonnentar utanfor kjerneområdet, og han reknar med at svikten av fjernabonnentar vil halde fram.

Berre i løpet av dei to siste åra har Sogn Avis hatt ein opplagssvikt på 800.

- Trenden dei siste åra har vore at vi har mista 2-300 i året utanbygds ifrå. Den utviklinga er ikkje bra, seier Fardal.

Opplagstal for avisene 2008

Avis

Opplag 2008

Laussal

Abonnement

Endring frå -07

Totalt Sogn og Fjordane

46 736

2 972

43 764

-256

Firda

13 875

868

13 007

-39

Firda Tidend

3 056

141

2 914

-14

Firdaposten

5 484

430

5 054

-27

Fjordabladet

2 800

203

2 597

71

Fjordenes Tidende

5 485

478

5 007

2

Fjordingen

4 285

235

4 050

-25

Sogn Avis

10 085

470

9 615

-338

Ytre Sogn Avis

1 666

147

1 519

114

Held stand i kjerneområdet

Men redaktøren for Sogn Avis er nøgd med at avisa held stand i kjerneområdet.

- Situasjonen er ikkje alvorleg enno. Eg hadde vore mykje meir bekymra dersom tapet av abonnentar hadde vore i primærområdet vårt. Då måtte vi gjort noko drastisk, seier Fardal.

Tilbakegang i Sunnfjord

Også avisene i Sunnfjord hadde ein tilbakegang i 2008. Firda i Førde hadde eit opplagssvikt på 39 og Firdaposten i Florø på 27.

I følgje redaktøren i Firda Jan Atle Stang har dei også mista fjernabonnentar. Avisa har no eit samla opplag på 13 875.

- Vi har ein framgang i primærkommunane og i fylket, seier Stang.

Av avisene i Nordfjord har Fjordingen hatt ein tilbakegang på 25 og Firda Tidend på 14, medan Fjordabladet har hatt ein oppgang på 71 aviser . Fjordenes Tidende har hatt ein auke på 2.