NRK Meny

Stor nedgang for drosjane

Oljekrisa har gått hardt utover kundetalet ved Florø Drosjesentral, skriv Firda. Taxisjåførane Hege Brandsøy (biletet) og Rachel Brekken seier til avisa at drosjesentralen sidan nyttår har opplevd ein nedgang på kring 40 prosent. Dei meiner dette skuldast færre båtar og fly til Florø som følgje av oljenæringa. Også butikkar og hotell har merka nedgangen.

Hege Brandsøy
Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.