Hopp til innhold

Stor narkosak aukar i omfang

Den store narkotikasaka som politiet i Sogn og Fjordane etterforskar, aukar i omfang. – I vår målestokk er dette ei stor sak, seier regionlensmann Tormod Hvattum.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

ETTERFORSKAR: Regionlensmann Tormod Hvattum seier politiet har sett av mykje ressursar for å etterforske narkotikasaka i Nordfjord og Sunnmøre.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Saka byrja å rulle i slutten av mai då mannen vart pågripen med kring 300 gram amfetamin, 11.000 kroner, brukarutstyr og fleire SIM-kort i Nordfjord.

Mannen vart før helga varetektsfengsla for fjerde gong. Då var siktinga utvida til å omfatte fleire postar som omhandlar kjøp og sal av amfetamin og/eller heroin.

– Saka er under etterforsking, men vi har eit utgangspunkt på 300 gram amfetamin. Vi mistenkjer at omsetnaden har vore betydeleg større, seier regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum.

– Ei betydeleg sak

Mannen skal vere ein kjenning av politiet frå før. Politiet etterforskar no fleire konkrete turar som dei meiner mannen har gjort til Austlandet og Bergen for å kjøpe narkotika.

– Vi meiner han i alle fall har omsett narkotika i Nordfjord og på Sunnmøre, seier Hvattum.

Fleire personar skal vere involverte i saka. Mannen er ein «kjenning» av politiet.

– Vi ser på kor stort omfang det er, kor mange som er involverte. Det ser ut til at vi då står overfor det som i vår målestokk er ei betydeleg sak, seier Hvattum.

Til eige bruk

Mannen har erkjent straffskuld for stoffet han vart pågripen med. Sjølv om to andre personar var med å betale for stoffet, har han overfor politiet forklart at det var til eige bruk.

Beslaget har ein gateverdi på kring 150.000 kroner, og svarar til kring 1.500 brukardoser.

Politiet har to etterforskarar som arbeidar på heiltid med saka, i tillegg til to andre som medverkar. Politiet ynskjer å gjennomføre ytterlegare etterforskingssteg. Hvattum reknar med at saka vil vere ferdig etterforska ut på hausten.

– Vi jobbar med å verifisere turane, avhøyre vitne og å avdekke kva forhold saka gjeld, seier han.

Anka fengslinga

Politiet bad Fjordane tingrett om å få halde mannen i varetekt i ytterlegare åtte veker. Påtalemakta fryktar at mannen kan øydeleggje bevis. Dei la derimot ikkje ned påstand om brev- og besøksforbod.

Forsvarar Erling Flisnes har anka fengslinga inn til Gulating lagmannsrett.

– Alt av restriksjonar er oppheva, noko som gjer det ulogisk å varetektsfengsle min klient på grunn av fare for å øydeleggje bevis, seier han.