NRK Meny
Normal

Stor næringslivsoptimisme i Sogn og Fjordane

Bedriftene i fylket er blant dei mest optimistiske i landet. Det syner NHO sitt økonomibarometer for andre kvartal.

Jan Atle Stang (NHO)

STOR FRAMTIDSTRU: Jan Atle Stang er NHO direktør i Sogn og Fjordane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det denne undersøkinga viser er at i motsetnad til i fjor, opplever vi no igjen vekst, seier Jan Atle Stang, som er NHO direktør i Sogn og Fjordane.

I 2015 fall eksporten av tradisjonelle varer sterkt. Fiske og havbruk bidrog mest til fallet. Som einaste fylke opplevde Sogn og Fjordane i fjor nedgang i eksporten av fiskevarer. I 2016 er dette snudd, og i første kvartal auka eksportverdien med 15 prosent.

– Ser vi i forhold til kronekurs og renter så gir det grunnlag for optimisme, seier Stang.

Trur på meir vekst

I Sogn og Fjordane utgjer eksportnæringa ein relativt høg del av den totale verdiskapinga. Den svake krona har gitt eksportbedriftene eit betydeleg konkurransefortrinn.

– Vi er eit fylke som har eit stort potensial innanfor sjømat. Mykje av det er avhengig av eksport. Det at vi ser ein vekst her er svært gledeleg og bør stimulere til meir vekst, seier Stang.

Petroleumskrisa

Sogn og Fjordane fekk aldri noko stor del av oljenæringa, og vart dermed heller ikkje så hardt råka av krisa i petroleumsnæringa.

– Vi fekk aldri så mykje av oljekaka som vi ynskte, men paradoksalt nok så tener vi på det i dag, seier Stang.

– Men vi er altså dei største optimistane i landet, er det grunnlag for denne optimismen?

– På mange måtar har vi det. Det vi slit med her i fylket er folketalsvekst, så der er det kanskje ikkje grunnlag for optimisme. Men vi har låg arbeidsløyse, og vi har mykje som er på gang, særleg innan bygg og anlegg.

Bustadmangel

Etter ein lengre stabil periode i bustadbygginga er det no ein auke i første kvartal i år. For mange verksemder i pressområda har mangel på bustadar vore vore eit problem for nyrekruttering og vekst.

– I veldig mange bygder som har liten aktivitet, har eit potensial dersom dei klarar å skaffe bustader til dei som vil bu der. Her er mange moglegheiter dersom ein nyttar høvet medan renta er låg, seir Stang.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.