Hopp til innhold

Stor minnemarkering i Måløy 8. mai

Den 8. mai blir det fire store nasjonale markeringar av at det er 70 år sidan krigen var slutt. Måløy er ein av dei fire stadene.

Lingemonumentet i Måløy

KRANSENEDLEGGING: Mellom anna på Lingemonumentet skal det leggast ned krans den 8. mai.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Staten medverkar med både folk og pengar, fortel Terje Sølvberg, som saman med Helge Hjelle står i spissen for arrangementet.

– Dette har utløyst ei stor dugnadsånd, det involverer musikkorps og kor, og det er mykje som skal skje. Vi skal legge ned krans på ikkje mindre enn fem bautaer.

Måløy får besøk av statssekretær Øystein Bøe i Forsvarsdepartementet. Sølvberg håpar og at det kjem ein statsråd, men det er ikkje avklart enno.

Det er ikkje så mange att av krigsveteranane frå andre verdskrigen, men nokon er det, og dei er sjølvsagt inviterte til markeringa.

– Her i Vågsøy har vi fem karar som alle nærmar seg 100 år, i Selje er det tre, og det skal kome folk frå heile fylket. I tillegg er veteranar frå Tysklandsbrigaden og norske fredsbevarande styrker inviterte.

Terje Sølvberg

STOR DUGNADSÅND: Terje Sølvberg seier at svært mange er med på å få i stand minnemarkeringa.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Fredsparade

Veteranane er inviterte til middag og kaffi i Turnhallen - i alt blir det mellom 160 og 180 gjester.

– Vi legg markeringa til ettermiddagen for at flest mogeleg skal få vere med, seier Terje Sølvberg.

Klokka 16 startar ein stor fredsparade som skal gå utover Gate 1 med musikkorps og songkor. Paraden går mellom anna innom Lingeparken.

– Barnebarnet til Martin Linge, Martine Linge, er invitert, og vi håpar at ho kjem, seier Sølvberg. Linge fall i Måløy sentrum under Måløyraidet.

Paraden endar i Krigsminneparken på Moldøen med at ein trompetist spelar «Last post», deretter vil klokkene i Sør-Vågsøy kyrkje kalle inn til minnegudsteneste.