Hopp til innhold

Stor mannsdominans i næringslivet

Kun 13 prosent av aksjeselskapa i Sogn og Fjordane har kvinnelege styreleiarar. Irene Kjelby Wergeland er nesten som nåla i høystakken.

Irene Kjelby Wergeland orienterer Åshild Kjelsnes og Hilmar Høl

SØRGJELEG ÅLEINE: Næringslivsleiar Irene Kjelby Wergeland, som her orienterer fylkespolitikarar, seier det er synd at det ikkje er fleire kvinner i styre i privat næringsliv.

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Eg sit i ein del styre, og der er det mest menn. Det er veldig synd at det ikkje er fleire kvinner, seier Wergeland.

Ho er administrerande direktør og styreleiar i Wergeland Holding. Ho er også styreleiar i Solund verft, Wergeland AS og fleire andre selskap.

Det er ikkje mange som henne i Sogn og Fjordane. Nye tal frå SSB syner at overveldande 87 % av styreleiarane i aksjeselskap, uansett størrelse, er menn. I aksjeselskap med 20 til 100 tilsette er det prosentdelen oppe i 94 prosent.

– Gjere noko med det? Det blir kunstig. Eg reknar med at samfunnet utviklar seg. Det er ikkje meir enn 100 år sidan vi fekk stemmerett. Det er ein veg å gå, og kanskje særleg i Sogn og Fjordane, seier Wergeland.

– Eigarskap og kompetanse er nøklar

Sogn og Fjordane ligg på landsgjennomsnittet når det gjeld styreleiarar, men er fylket med den skeivaste kjønnsbalansen i næringslivet. I tillegg har Sogn og Fjordane fleire kvinner i offentleg sektor enn landssnittet og færre kvinner enn snittet i privat sektor.

Forskingsleiar ved Nordlandsforskning, Elisabet Ljunggren, forskar på kjønnsproblematikk innan næring og regionalpolitikk. Ho seier eigarskap eller ein unik kompetanse er nøklar til styredørene.

– Det er viktig å finansiere kvinnelege gründerar. Og næringslivet sjølv, bedriftseigarane, må gå i seg sjølv og tenke ut over det vanlege nettverket når dei ønsker å få inn ny kompetanse i styra, seier ho.

– Kvinner er for lite på hogget

I snitt er 2 av 10 styremedlemer kvinner. Verksemder som Moods of Norway, Bolseth Glas, Maritim Montering, Dvergsdal og Sunde Bygg har ikkje kvinner i styret i det heile.

Jan Atle Stang

NHO-LEIAR: Jan Atle Stang.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Kvinnedelen i norsk næringsliv er generelt for låg. Når næringsstrukturen i utgangspunktet er ganske maskulin, ville det vere ein styrke å få kvinnelege perspektiv på ein del område, seier fylkesleiar i NHO, Jan Atle Stang.

Stang viser til at NHO har leiarutviklingsprogram der ein får kunnskap om leiar- og styreverv. Han ber kvinner vere meir på hogget.

– Eg trur ikkje bedriftene på død og liv held kvinnene ute. Eg trur det er like mykje kvinnene som er for lite på hogget til å ta posisjon i privat næringsliv.