Hopp til innhold

Stor lette etter helsevedtak

Ambulansetilbodet i Helse Førde blir først handsama til sommaren.

Video nsps_upload_2009_3_27_16_26_2_1862.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det vedtok styret då dei utsette ambulanskutta på dagens styremøte på Sunnfjord hotell.

LES OGSÅ: Store ambulansekutt i vente

- Eg tykkjer det var eit svært fornuftig vedtak. At dei vil sjå meir på tilbodet, seier Gerd Dvergsdal, ordførar i Jølster og styremedlem i Helse Vest.

HØYR: Ambulansesaka utsett til juni

For tungt å svelgje

Både tilsette og lokalpolitikarar har rasa mot framlegga om å kutte i ambulansetenesta. Sterke reaksjonar vart det også i debatten på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane . Fleire meinte administrasjonen i helseføretaket gjekk for fort fram og ville sette liv og helse på spel om kutta vart vedtekne. Styreleiar Clara Øberg sa tidlegare i dag at dette har gjort inntrykk.

- Difor tok eg kontakt med Helse Vest og sa at denne er så tung å svelgje, at eg ikkje kan vere med på. Det fekk eg medhald i hjå Helse Vest, seier ho og meiner det hadde vore ynskjeleg med betre tid på prosessane.

Øberg seier at eit ambulansekutt ville vore mest basert på føretaket sin økonomiske situasjon .

Spypose i ei veke

Øberg viser likevel til at administrasjonen berre har hatt ein månad på seg frå førre styremøte til å komme med kuttframlegget. Også tillitsvald i styret, Randi Fagereng, har hatt dårleg magekjensle for framlegget.

Video nsps_upload_2009_3_23_18_16_52_1468.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Eg har nesten gått rundt med spypose i ei veke iallefall. Eg kjenner meg uvel når eg les i papira og er redd for at vi øydelegg veldig mange gode tilbod, sa ho under møtet.

- Uroa for direktørane

Fagereng uttrykte også uro for dei tilsette i Helse Førde som opplever kvardagen som vanskeleg med stadig tale om økonomi og nedskjeringar. Uroa gjekk også på administrasjonen.

- Eg har sagt det før, eg er uroa for direktørane i dette føretaket, at vi blir første føretaket som tek livet av direktørane. Det er eg byrja å bli overbevist om, seier ho.

- Grunnlag for fornuftig vedtak

Ordførar i Hyllestad, Tore Bråstad (Sp), er glad for at helseføretaket no kan gjennomføre ei grundigare analyse av ambulansetenesta.

Delta i debatten her

- Sjølvsagt i dialog med kommunane. Då får vi ein prosess som eg trur kan gje eit grunnlag til å fatte eit fornuftig vedtak seinare, seier han.

- Positiv vilje

Dvergsdal, ordføraren i Jølster, deler dette synet.

- Eg ser at Helse Førde ser ein positiv vilje til å gå noko djupare inn i denne saka. Det må vi ute i kommunane som er røyvde av desse ambulansekutta, sjå på som svært positivt. Det å greie å få fram noko meir faktainformasjon vil tene saka, seier ho, men likevel vedgår at administrasjonen i Helse Førde står føre store oppgåver for å få i hamn budsjettet sitt.

HØYR: Styremøte Helse Førde 1. time
HØYR: Styremøte Helse Førde 2. time
HØYR: Styremøte Helse Førde 3. time