Mange menneske var møtte fram, mellom dei ordførar Harry Mowatt i Hyllestad og fylkesordførar Nils R. Sandal. Spenninga var stor då dykkarane hoppa uti vatnet og skulle finne fram til steinen. Både Mowatt og Sandal fylgde godt med på ein monitor, der såg dei kva som skjedde under vassyta.
Foto: Heidi Lise Bakke NRK
Større enn tidlegare funn
Og då steinen var komen opp og viste seg å vere heil var både Harry Mowatt og Nils R. Sandal fornøgde. Dei seier at dette er eit viktig kulturminne. Det viste seg at kvernsteinen i Åfjorden i Hyllestad er større enn andre tidlegare sjøfunn. Den er på 500 kilo. - Den ser så godt som heil ut og, så det kan godt hen de at det er ein dei har mista under lasting, og ikkje ein som er vraka, seier Mowatt.
Foto: Heidi Lise Bakke NRK
Ny heim i kvernsteinsparken
- Dette er ei historisk hending, det er eit verdfullt kulturminne som no er henta opp frå sjøbotnen, seier fylkesordførar Sandal. Og steinen har alt fått seg ein trygg heim i kvernsteinsparken i Hyllestad. Og steinen skal alt 24. april vere eit viktig element på eit seminar om stein som handelsvare.