Hopp til innhold

Under beina til Arne kan det ligge ei tikkande leirbombe

FØRDE (NRK): Grunneigaren står trygt, men under han kan det ligge metervis med livsfarleg kvikkleire.

Arne Høisæther i Førde

TRYGGANDE: Arne Høisæther i Førde er glad for at eigedommen hans vert undersøkt.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg er litt bekymra kvar gong elva er stor. Det aukar sjansen for at det kan skje noko med leira som er her, seier Arne Høisæther til NRK.

Men denne dagen er han ikkje aleine ute på jordet. Rundt han er det mannskap og maskiner.

Garden hans ligg heilt inntil elva Jølstra, som mange gonger har gått flaumstor ned mot Førde og fort kan grave seg inn på jorda.

No skal fagfolk bore seg ned for å finne det dei fryktar aller mest. Leirmassar som før eller seinare kan bli til øydeleggjande leirskred.

– Vi kan bore alt frå éin til hundre meter før vi finn leira, seier boreleiar i Romerike grunnboring, Christer Sørensen.

I tida framover skal han og kollegene sjekke mange eigedomar i kommunar på Vestlandet. Ikkje minst stadar som ligg nær elvar, fjordar og innsjøar. Dei vakre landskapa kan skjule store mengder leire.

Sjekkar jorda grundig

Sørensen bankar røyr nedover i bakken med ei stor maskin. På ein skjerm les han av motstand og trykk. Tala gjev indikasjonar på om det finst kvikkleire på det vesle jordet i Førde.

Arbeidet han gjer er del av eit større prosjekt der Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) skal kartlegge kvikkleire i fleire fylke på Vestlandet. Der det er for mykje leire, må det gjerast noko.

Historisk sett er det i Trøndelag dei største kvikkleireskreda har gått her i landet. Det verste i nyare tid skjedde i Rissa i Trøndelag i 1978. Ei 32 år gamal kvinne omkom, fleire titals mista alt dei eigde. Sju gardsbruk og fleire hundre husdyr forsvann i avgrunnen.

DRAMATISK: Slik blei Rissaraset fanga på film i 1978. Graving i strandsona var årsaka.

Treng kunnskapen

Frykta for at noko slikt kan skje igjen, gjer at NVE no jobbar hardt med å finne fakta om kor mykje leire det faktisk ligg og ulmar i grunnen.

– Vi byggjer meir i tettstader der vi kjenner til at det er kvikkleire. Difor treng vi kunnskap om jorda slik at vi kan hindre ulykker, seier Brigt Samdal, regionsjef i NVE.

Det kan få store og alvorlege konsekvensar den dagen det går hol på ei lomme med kvikkleire. No vil styresmaktene vite mest mogleg for å unngå at noko skjer.

Boreleiar Christer Sørensen borar etter kvikkleire på eit jorde i Førde

METERVIS MED RØR I JORDA: Christer Sørensen styrer maskina som sender rør mange meter ned i jorda. Dei skal avdekke kvikkleire.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Ventar svar på prøvene

– Kan det vere at folk helst ikkje ville hatt informasjonen?

– Nokre synest det er kjekt å vite, andre sikkert ikkje, men vi er opptekne av at dette ikkje skal spreie frykt, vi skal berre kartleggje, seier Samdal.

Svara på prøvene får NVE seinare. Skulle det vere kvikkleire på eit område, kan det bli aktuelt med sikringstiltak.

For grunneigar Arne Høisæther er det godt å vite at NVE no tek dette på alvor.

– Det er ei trygging for meg som har hus rett ved elva. Det har vore leirskred her før.