NRK Meny
Normal

Stor interesse for turar som dette

Toppturar er i vinden som aldri før og gamle og unge sveittar seg oppover bakkane med breie plankar på beina.

Topptur fjell

PÅ TOPP: Bratt opp og elegant ned. Det er slik vinterfjellgeitene vil ha det i dag.

Foto: Indre Sunnfjord turlag

– Det er stor pågang. Nokre helger har vi veldig mange guidar i sving, fortel Gjert Grødal. Han er tindevegleiar på fulltid gjennom selskapet "Bre og Fjell Mountain guides."

Grødal har merka stor interesse for guida turar på toppar, og vinteren frå februar til mai er blitt ein viktig sesong. Det er også mange fleire som går på toppturar på eiga hand. Utstyret har blitt betre og mange fleire vel randoneeski.

– For ti år sidan var eg i alpane og oppdaga randoneeski. Då var det ikkje så mange her heime som dreiv på med det, men det har vore jamn stigning sidan den gongen, og verkeleg teke av dei siste fem åra, seier Grødal.

Moglegheita til meistre

Grødal trur dette er ein trend som har kome for å bli.

– Eg ser folk i alle aldrar på slike turar. Eg har sett ungar heilt ned i 8–9 års alderen som har fått på seg ski med randoneebindingar og personar i 70-åra, fortel Grødal.

Må ein ha slikt utstyr for å kome seg til fjells?

– Ein får i alle fall moglegheita til å meistre på ein anna måte og vil dermed få større turglede. Men ein må ikkje ha dette utstyret, ein kan velje å nyte fjellet med fjellski ved å velje turar som ikkje er fullt så bratte, seier han.

Lett og elegant

Arne Mo

BREIE SKI: Randonee er tingen no, seier Arne Mo.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Arne Mo driv sportsbutikk i Førde og det er ein type ski folk spør etter.

– Randonee har teke heilt over. Telemarksski har vore stort i vårt distrikt, men no er det Randonee som gjeld, seier Mo.

Grunnen er nok fjella vi har tilgang på i Sogn og Fjordane, trur Mo.

Med desse skia kan du gå opp på fjelltoppar. På toppen låser du skoa bak og du kan køyre alpint ned att. Utstyret er dyrare enn vanleg alpint og fjellutstyr. Men stadig fleire skaffar seg det.

– Folk ser andre som har det og kor lett og elegant det ser ut. Så vil dei ha seg tilsvarande utstyr. Men eg vil oppmode folk til å teste skia i alpinbakken først for å meistre teknikken, seier han.

Solnedgang, ski, topptur

SOLNEDGANG: Toppturar med randoneeski blir stadig meir poplært. Det merkar tindervegleiar Gjert Grødal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.